Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksSiste nytt frå SVR Gå til hovedinnhold

View Part 

Utviding av Dyraheio landskapsvernområde i Suldal

Dyreflokk på beitetrekk

Kongen i statsråd vedtok 25. juni 2010 ei endringsforskrift som inneber ei mindre utviding av Dyraheio landskapsvernområde i Suldal kommune. Utvidinga omfattar eit areal på ca. 3,7 km2 søraust for Sandvatnet i Suldal kommune. Vidare er det gjort ytterlegare fire mindre endringar i verneforskrifta.

Dyraheio landskapsvernområde med plantelivsfreding, blei oppretta ved kgl.res. 26.9.1997. Utvidinga av området er vedteken etter naturmangfaldlova, og verneformen har vorte endra til landskapsvernområde med biotopvern. Det er eit rikt planteliv i området med m.a. bergjunker som gjer at området også vert omfatta av biotopvern.

Etter utvidinga omfattar verneområdet eit areal på omlag 304 km2. Arealet som no er inkludert i verneområdet, var på grunn av større terrenginngrep, som anleggsveg og regulert vatn (Sandvatnet), ikkje med i det opphavlege vernevedtaket i 1997. I ettertid synte det seg likevel at dette delområdet inneheld store naturverdiar tilsvarande dei ein fann i dei tilgrensande verneområda.

I første rekke er desse verdiane knytt til viktige trekk- og beiteareal for villrein. Området ved Sandvassbrekka er av dei viktigaste trekk- og beiteområda for villrein i grenseområda mellom Suldal og Bykle kommunar.

Kart over verneområdet, verneforskrift og foredraget til resolusjonen finn du på heimesidene til FM i Rogaland.

Info 

Haugen, Tarjei 01.07.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Artikkel - rediger 

Untitled [3] 

Valle Kommune, Fotograf: a Bykle Kommune, Fotograf: a Bygland Kommune, Fotograf: a Hjelmeland Kommune, Fotograf: a Åseral Kommune, Fotograf: a Forsand Kommune, Fotograf: a Hægebostad Kommune, Fotograf: a Kvinesdal Kommune, Fotograf: a Sirdal Kommune, Fotograf: a Suldal Kommune, Fotograf: a