"Bli kjent med heiane" - ny bok om natur og kulturminne i SVR

Boka er skriva av Ragnhild Bjåen, eigar og drivar av Bjåen Fjellstoge.
Reidar Johan Sandal, SNO i Suldal, skrivar i føreordet:
"
Denne boka er tenkt å vera ei inspirasjonskjelde for alle som ønskjer å vera meir ute i skog og mark, på myr og i hei. Her kan du lesa og få kunnskap om dei storslagne naturområda i Setesdalsheiane og Ryfylkeheiane. At områda husar den sørlegaste villreinstamma i Europa, gjev oss eit særleg ansvar. På endelaus vandring søkjer villreinen ro og mat. Er du heldig, kan du få nyta synet av dette flotte dyret. Ha med kikkert, då kan du observera på avstand utan å forstyrra dyra. Men områda byr og på mange andre flotte opplevingar. Vakre fjellblomar, vakande fisk eller skrattande rype. Ta turen, først då ser du mangfaldet."
Send oss ein e-post så sender vi deg ein digital presentasjon av boka.
Boka kostar 298 kr og kan bestillast gjennom
post@svr.no.