Preikestolen Fjellstue vann Statens Byggeskikkpris for 2009
Preikestolen Fjellstue er Stavanger Turistforening si nye storstoge. 10. juni vann dei Statens byggeskikkpris. I 2008 gjekk prisen til Operaen. Fjellstua er med andre ord i godt selskap!
Utdrag frå juryen si grunngjeving
"Preikestolen Fjellstue ligg i Strand kommune i Rogaland. Fjellstova er teikna av arkitektfirmaet Helen & Hard, som vann arkitektkonkurransen om ny turistforeiningshytte ved Preikestolen i 2004. Stavanger Turistforening har vore byggherre og Holz100 hovudentreprenør. Bygget er på 1290 kvadratmeter. Tomta ligg i skråninga ovanfor den gamle Preikestolhytta frå 1949 og Refsvatnet. Preikestolen Fjellstue blei opna i november 2008.
Preikestolen Fjellstue ligg godt i landskapet med eit bygningsvolum som gjev assosiasjonar til fjellandskapet omkring. Bygningsvolumet er forma etter det nære terrenget. Dette medverkar til det vellukka forholdet til landskapet og gjev ein fin inngangssituasjon mot den storslåtte utsikten.
Preikestolen Fjellstue sitt arkitektoniske uttrykk er eit direkte resultat av arkitektane sin evne til å sjå det formmessige og estetiske potensialet i massivtre. Både arkitektane og byggherren har vist mot og eksperimentell lyst, noko som har resultert i eit nytt formspråk. Bruken av tre er så konsistent at fjellstova trer fram som eit estetisk gjennomarbeidd prosjekt."