Skriv ut
| FOR 2000-04-28 nr 409:
Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane
landskapsvernområde, Bykle, Valle og Bygland kommunar,
Aust-Agder, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar,
Vest-Agder og Forsand kommune,
Rogaland. |
| DATO: |
FOR-2000-04-28-409 |
| DEPARTEMENT: |
MV (Miljøvern/vilt) |
| AVD/DIR: |
|
| PUBLISERT: |
II 2000 274 |
| IKRAFTTREDELSE: |
2000-04-28 |
| SIST-ENDRET: |
|
| ENDRER: |
FOR-0000-04-25 |
| GJELDER FOR: |
Bykle, Valle, Bygland, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal,
Sirdal og Forsand kommune, Rogaland. |
| HJEMMEL: |
LOV-1970-06-19-63-§5,
LOV-1970-06-19-63-§6,
LOV-1970-06-19-63-§14,
LOV-1970-06-19-63-§21,
LOV-1970-06-19-63-§22,
LOV-1970-06-19-63-§23
|
For å lenke til dette dokumentet bruk:
http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/lf/lf/lf-20000428-0409.html
INNHOLD
Forskrift
om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde,
Bykle, Valle og Bygland kommunar, Aust-Agder, Åseral, Hægebostad,
Kvinesdal og Sirdal kommunar, Vest-Agder og Forsand kommune,
Rogaland.
I
II.
Avgrensing
III.
Føremålet
IV.
Vernereglar
V.
Forvaltningsplan
VI.
Unnatak i særskilde høve
VII.
Forvaltningsstyresmakt
VIII.
Rådgjevande utval
IX.
Ikrafttreding
Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane
landskapsvernområde, Bykle, Valle og Bygland kommunar, Aust-Agder,
Åseral, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar, Vest-Agder og
Forsand kommune, Rogaland.
Fastsett ved Kronprinsreg.res. 28. april 2000 med heimel i
lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 14, § 21,
§ 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.
I
I medhald av lov om
naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, §§ 5 og 6, jf. §§ 14, 21, 22 og
23, er eit område verna ved kronprinsregentens resolusjon av 28.
april 2000 som landskapsvernområde med dyrelivsfredning under namnet
Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Området ligg i
Bykle, Valle og Bygland kommunar i Aust-Agder fylke, Åseral,
Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar i Vest-Agder fylke og
Forsand kommune i Rogaland fylke.
II. Avgrensing
Det verna området omfattar
heile eller delar av følgjande gnr/bnr:
Bykle: 1/1,2,3,4,6,7,8,10, 2/1,2,4,8, 4/2,3,5,8, 5/1,
6/1,4,5,7,8,10,14, 7/1,2, 8/1,2, 9/1,4,5, 10/1,2,3,4, 11/1,2,4,
12/1,2, 20/2,3,4, 22/1.
Valle: 21/1,5,7,8,11, 26/1,2,3,4,7, 27/1,2,5,11, 47/3,
48/3,4,5,6,13,16, 50/1,3,5,6,7,8,9,10,17,18, 51/1,3,4,6, 55/2,
60/1,2,3,4,5,6,30,35, 61/1, 62/1,2,3,4,5,6,7,8,12,13,14,28,
63/1,3,5,6,7,8,10,19,20, 64/1,2,5,7,
68/1,2,5,6,7,8,12,18,33,35,36,37,38,39,40,43,54,61,65,66,67,90,
70/1,2,3,4,5,6,9,20,54, 71/1,2,3,9.
Bygland:
2/1,2,3,4,5,7,12,14,16,17,20,21,24,26,27,28,29,30,31,32,33,36,
3/1,2,3,4,5,9,10,11,12,13, 4/1,2,3,4,5,6,12,13,18,22,23,24,25,26,27,
5/1,2,9,12,18, 6/1, 9/15.
Åseral: 1,2,3,4,6,7,10,11,12,13,26,
2/1,3,4,5,6,7,8,9,10,14,15,16,18,19,22,23,24,52,59, 5/1,2,5,
6/1,3,4,6,11,13,14,15,16,17, 7/1,3,4,5,6,7,8,11,13,15,16,65,
8/1,2,7.
Hægebostad: 101/4,7,9, 102/1,2,3,4,5,6,8, 106/1,3,4.
Kvinesdal: 191/1,2,4,5,6,7, 221/1,2.
Sirdal: 1/1,2,3,4,6,7,8,10,17,18,19,20,21,23,25, 2/2,3,4,5,6,7,8,
14,15,16,17,18,19,20,21,22,23,24,25,26,27,28,29,30,31,32,33,34,35,36,37,
38,39,40,41,42,43,44,45,46,47,
48,49,50,51,52,53,54,55,56,57,58,59,60,61,62,
63,64,65,66,67,68,69,70,71,72,73,74,75,76,85, 3/2,4,5,6,11,
4/1,2,4,5, 5/1,3,5, 9/1,2,3,4,5,6,7,9,10,11,12,14,22,91,
10/1,2,3,4,6,9,11,12,13,28,29.
Forsand: 23/1,2,3,4,5,6,7,8,9,11,12,13,14,15,44,
24/1,2,3,4,5,6,8,9.
Landskapsvernområdet dekker
eit areal på 2.346,7 km2 .
Grensene for
landskapsvernområdet framgår av kart i målestokk 1:80.000, datert
Miljøverndepartementet mars 2000. Kart og verneforskrift blir
oppbevarte i dei berørte kommunane, hjå fylkesmennene i Aust-Agder,
Vest-Agder og Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i
Miljøverndepartementet.
Dei nøyaktige grensene for
landskapsvernområdet skal merkast opp i marka etter nærare tilvising
frå forvaltingsstyresmakta. Knekkpunkta skal koordinatfestast.
Innafor landskapsvernområdet
er det særskilde kalvingssoner og trekksoner for villrein med
ferdslereguleringar. Grensene for desse sonene er tekna inn på
kartet. Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift oppheve
ferdslereguleringane eller endre grensene for desse sonene.
III. Føremålet
Føremålet med vernet er:
| 1. |
Å ta vare på eit samanhengande,
særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og
fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv,
stølsområde, beitelandskap og kulturminne.
|
| 2. |
Å ta vare på eit samanhengande
fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i
Europa. |
IV. Vernereglar
For landskapsvernområdet
gjeld følgjande reglar:
| 1.1 |
Det må ikkje gjerast inngrep som
vesentleg kan endra eller innverke på landskapet sin art eller
karakter. I dette er medrekna: |
|
Oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar,
framføring av luftledningar, jordkablar og røyr, bygging av
vegar og rasteplassar, oppsetting av autovern, drenering og
anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og
lagring av masse, lausbryting og fjerning av stein og mineral,
bergverksdrift, vassdragsregulering, gjødsling, sprøyting med
kjemiske midlar, nydyrking, såing, planting, endring i
samansetnaden av treslag ved skogkultur, plassering av
campingvogner og bubilar. Opplistinga er ikkje uttømmande.
Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre
landskapet sin art eller karakter vesentleg.
|
| 1.2 |
Reglane i 1.1 er ikkje til hinder
for: |
| a) |
Tradisjonell landbruksdrift,
herunder støling, stenging av skårfeste, oppsetting av kve
o.l. som er naudsynt for fedrifta. |
| b) |
Vedlikehald av bygningar, vegar og
anlegg. |
| c) |
Vedlikehald av merka, eksisterande
stiar og løyper. Forvaltningsstyremakta kan nekte vedlikehald
av merka stier og løyper når det av omsyn til føremålet med
vernet er ønskjeleg å redusere ferdsla i einskilde område.
|
| d) |
Manøvrering av regulerte vassdrag i
tråd med gjeldande konsesjonsvilkår og vedlikehald og tilsyn
av konsesjonsgjevne kraftanlegg, herunder anleggsvegar, luker,
dammar, radiolinkar og kraftliner og herunder naudsynt auke i
linetverrsnitt. |
| 1.3 |
Når verksemda eller tiltaket kan
skje utan at det strir mot føremålet med vernet, kan
forvaltningsstyresmakta på nærare vilkår gje løyve til:
|
| a) |
Nydyrking, framføring av
jordbruksveg og oppsetting av gjerde. |
| b) |
Oppattbygging av bygningar som er
gått tapt ved brann eller naturskade, og oppattbygging av
nedfalne bygningar som høyrer med i det tradisjonelle
bygningsmiljøet i stølsgrender. Eventuelle vilkår for og
utforming av bygningar skal setjast i samråd med
fylkeskonservatoren. |
| c) |
Mindre tilbygg til eksisterande
bygningar. |
| d) |
Opparbeiding og merking av nye
turstiar og løyper.
|
| 2.1 |
Nye plantearter må ikkje innførast.
|
| 2.2 |
Tradisjonelt beite er tillate.
Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift regulere
beite som er i strid med verneføremålet. |
| 2.3 |
Hogst skal foregå i samsvar med
reglar for hogst i vernskog.
|
| 3.1 |
Nye dyreartar må ikkje innførast.
|
| 3.2 |
Jakt er tillate etter viltlova sine
reglar. |
| 3.3 |
Fiske er tillate etter lakse- og
innlandsfiskeloven.
|
| 4. |
Ferdsle (ikkje motorisert
ferdsle) |
|
All ferdsle skal skje omsynsfullt for ikkje å skade natur- og
kulturverdiar, forstyrre dyrelivet eller beitedyr eller vere
til ulempe for andre. |
| 4.1 |
Arrangørar av større organiserte
arrangement som idrettsarrangement, jaktprøver, store
teltleirar og militærøvingar, må søke forvaltningsstyresmakta
om løyve til arrangementet. |
| 4.2 |
I dei særskilde kalvingsonene
Storenos (1), Vatnedalsheii (2), Ratevassnuten (3) og
Svarvaren (4), og i trekksonen Breidvatn (5) som er avmerkt på
kartet, er all ferdsle forbode i tidsrommet f.o.m. 25. april
t.o.m. 31. mai. |
|
I dei særskilde trekksonene Svarteløkfjellet (6),
Vardsvatn-Kvislevassknuten (7), Andersvatnet-Børsteinvatnet
(8) og Steinbuskardet (9) er all ferdsle forbode f.o.m. 15.
april t.o.m. 20. mai. |
| 4.2.1 |
Forbodet i pkt. 4.2 er ikkje til
hinder for: |
| a) |
Ferdsle som følgjer veg og merka
løype. |
| b) |
Naudsynt ferdsle i samband med
utbetring av skade på kraftanlegg. |
| c) |
naudsynt ferdsle for grunneigar for
tilsyn av eigedomen sin. |
| d) |
Ferdsle i samband med militær
operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-,
oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsverksemd.
|
| 4.3 |
Bruk av ridehest og sykkel i utmark
er berre tillate langs særskilde trasear som er kartfesta i
forvaltningsplanen. |
| 4.4 |
Innafor nærare avgrensa deler av
landskapsvernområdet kan Direktoratet for naturforvaltning ved
forskrift forby all slags ferdsle heile året eller ein del av
året når ein reknar det naudsynt for å verne naturmiljøet
eller dyrelivet. |
| 4.5 |
Forvaltningsstyresmakta kan gjere
unntak frå forbodet i pkt. 4.2 i særlege tilfelle når det
ikkje strir mot føremålet med vernet, sjå pkt. VI.
|
| a) |
Motorisert ferdsle på land er
forbode. |
| b) |
Lågtflyging under 300 m over
kalvingsområder og trekksoner, jf. kap. II, er forbode.
|
| c) |
Start og landing med motordrevne
luftfarty er forbode. Med landing forstår ein også henting og
bringing av passasjerar og gods sjølv om landing i fysisk
forstand ikkje finn stad. |
| 5.2 |
Vegen Brokke-Suleskard skal vere
stengd i tidsrommet f.o.m. 1. november t.o.m. 20. mai. Vegen
skal ikkje brøytast før 12. mai der han kryssar trekksona
Vardsvatn-Kvislevassknuten. |
| 5.3 |
Forbodet i pkt 5.1 gjeld ikkje:
|
| a) |
Motorisert ferdsle i samband med
militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-,
sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsverksemd.
Øvingskøyring i samband med desse føremåla krev særskild
løyve. |
| b) |
Motorferdsle på veg, herunder
anleggsvegar etter gjeldande konsesjonsvilkår.
|
| c) |
Landing med motordrevne luftfarty
for henting av felt storvilt på eller ved følgjande vatn:
Krokevatn, Ratevatn, Bånevatn, Storsteinvatnet, Ormsavatn og
Karlsvatn i Bykle, Bossvatn i Valle, Storevatn i Sirdal og
Kolsheivatn, Monsvatn, Storolavsvatn og Lykkjevatn i Bygland
kommune. |
|
All lufttransport skal meldast til forvaltningsstyresmakta før
transporten tek til. |
| 5.4 |
Forvaltingsstyresmakta kan etter
søknad gje løyve til: |
| a) |
Naudsynt luft og snøscootertransport
som trengst i samband med: |
| - |
jord- og beitebruk, t.d. frakt av
gjerdeutstyr |
| - |
frakt av ved eller hogstvirke
|
| b) |
Naudsynt luft- og
snøscootertransport som trengst ved tilsyn og vedlikehald av
kraftanlegg, sjå pkt 1.2. d. Ved akutte behov for slik
transport skal det sendast melding. |
| c) |
Naudsynt luft- og
snøscootertransport av materialar til hytter, klopper mv. og
av brensle, utstyr og proviant til hytter og buer.
|
| d) |
Opning/stenging av
Brokke-Suleskardvegen ut over dei faste tidspunkta, ved heilt
spesielle forhold og da etter retningsliner gitt i avtale av
12. april 1999 mellom fylkesmannen i Aust-Agder og Statens
Vegvesen. |
V. Forvaltningsplan
Forvaltningsstyresmakta kan
setje i verk tiltak for å fremja føremålet med vernet. Det skal
utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner når det gjeld
forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon og rådgjeving.
Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for
naturforvaltning.
VI. Unnatak i særskilde høve
Forvaltningsstyresmakta kan
gjera unnatak frå vernereglane i kap. IV når føremålet med vernet
krev det, for vitskaplege undersøkingar, for tiltak av vesentleg
verdi for samfunnet og i særskilde tilfelle når det ikkje strir mot
føremålet med vernet.
VII. Forvaltningsstyresmakt
Direktoratet for
naturforvaltning fastset kven som er forvaltingsstyresmakt for
landskapsvernområdet.
VIII. Rådgjevande utval
Det kan opprettast eit
rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.
IX. Ikrafttreding
Desse reglane trer i kraft
straks.
Databasen sist oppdatert 29.
okt 2007 |