Då er Cecilie Haraldstad Moen på plass som vår nye verneområdeforvaltar i Sirdal.
Cecilie kjem frå Evje, men har dei siste åra budd på eit småbruk i Lillesand. Ho har tidlegare jobba på Miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren i Agder, og mange verksemder og kommunar har fått besøk når ho har vore ute på tilsyn.
Cecilie har tatt med seg flyttelasset til Sirdal og fått kontorplass på kommunehuset på Tonstad. Stikk gjerne innom for ein prat om stort og smått som rører seg i verneområda.

