1. Heim
  2. Om verneområda

Om verneområda

Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er namna til dei store, samanhengande fjellområda som ligg lengst sør i den norske fjellkjeda. Verneområdestyret for SVR har forvaltningsmynde for til saman 17 store og små verneområde i dette fjellområdet. Desse fordeler seg på 7 landskapsvernområde, 2 biotopvernområde og 8 naturreservat som vart etablerte mellom 1986 og 2019. Dei 17 verneområda har eit samla areal på 3 566 kvadratkilometer, og er med dette det nest største samanhengande verna arealet i landet. Under kan du lese meir om dei ulike verneområda.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Setesdal vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde er Noregs største verneområde sør for Haukelifjell. Området strekke seg over 2 385 km² og vart oppretta i 2000. Med ei slik utstrekning finn du store variasjonar i geologi, flora og fauna. Med karrige skrinne fjelltoppar i nord på 1400 meter høgde, til lågareliggjande skogområde lengre sør i verneområdet. SVR utgjer kjerneområdet til den sørlegaste villreinstamma i Europa, og huser ein stamme på kring 3 000 dyr.

arrow-r

Lusaheia landskapsvernområde

Lusaheia landskapsvernområde ligg lengst aust i Hjelmeland kommune, og strekk seg heilt inn til grensa mot Agder fylke. Verneområdet er på 122 km² og vart oppretta i 1991. Mykje av Lusaheia er eit høgfjellsplatå som ligg mellom 1 000 og 1 100 moh. Her har isen gjort ein grundig jobb, og har etterlate seg eit landskap med mykje berrt fjell som mange stader er overstrødd med store og små flyttblokker. Namnet Lusaheia kjem truleg av dette karakteristiske naturfenomenet. Den grøne og frodige Storådalen deler høgfjellsområdet i to, og utgjer ein spanande kontrast til resten av verneområdet. Storådalen går i nordaustleg retning frå Nilsebuvatnet, og dalbotnen ligg om lag 800 moh.

arrow-r

Vormedalsheia landskapsvernområde

Vormedalsheia landskapsvernområde ligg på sørsida av dei inste delane av Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune. Landskapsvernområdet strekk seg dermed frå fjøresteinane i Jøsenfjorden og dalbotnen i Førre gjennom bratte skoglier og heilt opp til høgfjellsområdet ved Brendeknutane 1 135 moh. Verneområdet er på 120 km², og vart oppretta i 1991.

arrow-r

Hovden landskapsvernområde

Hovden landskapsvernområde ligg i Bykle kommune, heilt nord i Setesdal. Verneområdet er på 59 km² og er med dette det minste landskapsvernområdet i SVR. Hovden landskapsvernområde ligg tett på dei store hytteområda på Hovden, og er eit viktig utfartsområde. I verneområdet ligg mellom anna Galten (1 295 moh.), som er eit populært turmål. Hovden landskapsvernområde er eit av dei få fjellområda i Agder med typisk viddepreg.

arrow-r

Kvanndalen landskapsvernområde

Kvanndalen landskapsvernområde ligg i Suldal kommune heilt nord mot grensa til Vestland og Telemark og Vestfold fylke. Verneområdet er på 84 km² og er med dette det nest minste landskapsvernområdet i SVR. Sjølv om Kvanndalen er eit naturleg midtpunkt, inneheld Kvanndalen landskapsvernområde mykje meir enn dalen som har gitt namn til området. Her finn vi også dei tre høgaste fjelltoppane i Rogaland (med Vassdalsegga på 1 658 moh. som den høgaste), ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og fangst av villrein.

arrow-r

Dyraheio landskapsvernområde

Villfjellet var namnet dei første fotturistane gav dette utilgjengelege og ville høgfjellområdet mellom Suldal og Bykle. Lokalbefolkninga var mindre dramatiske i namnsettinga si. For dei hadde området vore staden der dei kunne spe på matforsyninga med reinsdyrkjøt, og namnet Dyraheio må ha vore eit naturleg val. I desse områda var villreinsjakta viktig, og med nemninga «dyr» sikta ein til villrein. Det som etter vernet i 1997 vart Dyraheio landskapsvernområde, ligg i Suldal kommune og har eit areal på 307 km².

arrow-r

Frafjordheiane landskapsvernområde

I Frafjordheiane landskapsvernområde møter du den vakre og dramatiske vestlandsnaturen i konsentrert utgåve. Her finn du djupe fjordar, mektige fjell, høge fossar og grøne dalar. Frafjordheiane landskapsvernområde strekk seg frå Lysefjorden i nord til Frafjord og Østebødalen i sør. Verneområdet har areal i kommunane Sandnes, Gjesdal og Sirdal. Frafjordheiane vart oppretta i 2003, og har eit areal på 418 km².

arrow-r

Holmavassåno biotopvernområde

Holmavassåno biotopvernområde omfattar i hovudsak områda mellom Sandvatnet og Holmavatnet, nordaust i Suldal kommune. Biotopvernområdet blir dermed liggande som eit bindeledd og ein korridor mellom landskapsvernområda Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane og Dyraheio i sør og aust, og Kvanndalen landskapsvernområde i vest. Holmavassåno vart oppretta i 1997 og har eit areal på 23 km².

arrow-r

Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde

I Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde møtest ny og gammal tid på dramatisk vis. Dalføret mellom Botsvatn og Storevassdammen i Bykle skjer seg gjennom landskapet med ruvande toppar på kvar side. Her ligg spor etter dyregraver og gardar som i dag er fråflytte. Samstundes vitnar to større kraftliner og Storevassdammen om at heia i dag er viktig for kraftproduksjon.

arrow-r

Hisdal naturreservat

I Hisdal naturreservat ligg det kalvingsområde for villrein og restar etter kjempefuruskogar. Her finn du villmarksprega fjelldalar og fjellgarden Store Hisdal med intakte tun og bygningar. Naturreservatet vart verna i 2008, og er på 16 000 dekar i storleik. Med unntak av ei kraftline gjennom området, fjellgardane og kulturmarka kring desse, er hovudinntrykket eit område særs lite påverka av menneske.

arrow-r

Lislevatn naturreservat

Lislevatn naturreservat ligg i Bykle kommune, heilt nord i Setesdal. Området vart verna i 1982, og er ein kvadratkilometer i storleik. Om lag halvparten av dette er vassareal. Lislevatn naturreservat er lite i areal, men har eit rikt plantesamfunn, dyre- og fugleliv som er bunde til våtmarksområdet i og kring vatnet. I nordaust dannar elva Otra eit elvedelta av sand og grus.

arrow-r

Vidmyr naturreservat

Vidmyr naturreservat ligg på vestsida elva Otra på Hovden i Bykle kommune. Naturreservatet ber namnet sitt med rette. Saman med myrområde i Hovden landskapsvernområde, finn du her eit av dei største samanhengande myrområda i regionen. Med sine 9,7 km² er Vidmyr av dei større naturreservata. Historisk har Vidmyr vore særs viktig som slåttemark og beitemark for husdyr. Her finn du fleire særeigne plantearter tilpassa område som vert slått og beita. Eit mindre areal sørvest i naturreservatet vert framleis slått for å ta hand om desse planteartene.

arrow-r

Øyastøl naturreservat

Øyastøl er eit svært vakkert område som er rikt på opplevingar. Sjølve verneområdet er eit myrområde som ligg nord for garden Kleivaland i Hjelmeland kommune. Naturreservatet vart oppretta i 1986, og har eit areal på 330 daa. Øyastølsmyra er ei gamal slåttemyr som ligg 420 moh. Myra har stadvis rik vegetasjon, der det no blir drive ein aktiv skjøtsel for å ta vare på det opne landskapet.

Like ved Øyastøl finn du òg Ritlandskrateret, fossilførande skiferlag og Vormedalsheia landskapsvernområde.

arrow-r

Ørestø naturreservat

I Ørestø kan du oppleve eit stort naturmangfald. Sjølve verneområdet er ei bratt, sørvendt skogsli som ligg opp frå Frafjord i Gjesdal kommune. Naturreservatet vart oppretta i 2003, har eit areal på 728 daa, og strekk seg frå fjorden og opp til om lag 690 moh. I Ørestø veks det ein del edellauvskog, og du finn fleire sjeldne varme- og næringskrevjande karplantar, mosar og lav. Store delar av Ørestø grensar opp til Frafjordheiane landskapsvernområde.

arrow-r

Nordraheia naturreservat

I Nordraheia finn du eit variert skogsområde nesten utan tekniske inngrep. Verneområdet ligg på sørsida av Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune, og strekk seg frå fjorden opp over Nordraheia mot Kaldavatnet. Det høgaste punktet er 693 moh. aust i terrenget ved Reinsrumpa. Verneområdet vart først oppretta i 1999 med namnet Nordstølhei naturreservat. I 2019 vart verneområdet utvida mot aust med delar av Vormedalsheia landskapsvernområde, og bytte namn til Nordraheia naturreservat. Verneområdet har eit samla areal på 17,8 km².

arrow-r

Migaren naturreservat

I Migaren kan du oppleve eit rikt naturmangfald. Sjølve verneområdet er ei bratt, sørvendt li som ligg opp frå Frafjord i Gjesdal kommune. Naturreservatet vart oppretta i 2003, har eit areal på 523 daa, og strekk seg frå dalbotnen og Molaugsvatet på 26 moh. og opp til om lag 570 moh. I Migaren veks det mykje edellauvskog, og du finn fleire sjeldne varme- og næringskrevjande karplantar, mosar og lav. Store delar av Migaren grensar opp til Frafjordheiane landskapsvernområde.

arrow-r

Ljosådalen naturreservat

Ljosådalen naturreservat er eit skogsområde i Ljosådalen nordvest i Valle kommune som vart frivillig verna som naturreservat ved kongeleg resolusjon 11. desember 2015. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 37 903 dekar, og grenser til Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane landskapsvernområde og Hisdal naturreservat. Området strekker seg vestover på båe sider av Ljosåni innover mot Ljosåvatnet og Rjuven, høgste toppen er Voilenuten på 1343 moh. Ljosådalen naturreservat er det største reservatet i forvaltningsområde SVR. Gamal furuskog og særs viktig kalvingsområde for villrein er viktige stikkord for opphavet til vernet.

arrow-r

Forvaltning

Verneområdestyret for SVR har forvaltningsmynde for til saman 17 store og små verneområde. Desse fordeler seg på 7 landskapsvernområde, 2 biotopvernområde og 8 naturreservat som vart etablerte mellom 1986 og 2019.

Verneområdestyret har òg ei forvaltningsretta heimeside.