1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Nordraheia naturreservat

Nordraheia naturreservat

I Nordraheia finn du eit variert skogsområde nesten utan tekniske inngrep. Verneområdet ligg på sørsida av Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune, og strekk seg frå fjorden opp over Nordraheia mot Kaldavatnet. Det høgaste punktet er 693 moh. aust i terrenget ved Reinsrumpa. Verneområdet vart først oppretta i 1999 med namnet Nordstølhei naturreservat. I 2019 vart verneområdet utvida mot aust med delar av Vormedalsheia landskapsvernområde, og bytte namn til Nordraheia naturreservat. Verneområdet har eit samla areal på 17,8 km².
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Føremålet med vernet av Nordraheia naturreservat er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av eit stort, samanhengande skogsområde med særleg fattig og fuktig kystfuruskog. Området har også innslag av gamal furuskog, edellauvtre på rikare mark med grove, gamle styvar av ask.

I dag er det ikkje store trugsmål mot verneverdiane i Nordraheia.

Plante- og dyreliv

Vegetasjonen i Nordraheia består i all hovudsak av lite næringskrevjande vegetasjonstypar.

Furu og bjørk er dominerande treslag der bjørka helst veks nede i liene, mens furua held til i dei høgareliggande områda. Det er noko rogn og nokre små ospeholt spreidde i området. Den dominerande vegetasjonstypen er blåbærskog, stadvis med overgang mot røsslyng- og blokkebærfuruskog. Nede mot Jøsenfjorden finst det nokre små område med edellauvskog der ask er det mest vanlege treslaget.

I Nordraheia hekkar mellom anna kvitryggspett, storfugl, hubro og havørn. Det er òg bestandar av elg og hjort.

Bruk i tidlegare tider

I Nordraheia finst det mange kulturspor etter tidlegare busetnad, beitebruk, skogsdrift og notfiske.

I lia opp frå Jøsenfjorden låg husmannsplassane Gåsnes, Galgehaugen og Følekammane som var i bruk på 1800-talet. På Gåsnes og Følekammane ser ein framleis tufter etter hus. På nordsida av Fundingslandsvatnet låg husmannsplassane Holmen og Sandvika. Nede ved Jøsenfjorden står det nokre styvingstre av ask og alm som vitnar om hausting av dyrefôr.

Bruken i dag

I dag brukast Nordraheia svært lite, og bruken er avgrensa til turgåing og bærplukking. Nede ved Jøsenfjorden er nokre av dei gamle notplassane i bruk.