a
NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart
a

Meny

Velkommen til verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Nyheiter

Ei epoke er over

Nå som Statens naturoppsyn sine to tilsette i Bykle og Suldal har blitt pensjonistar er ein epoke over. Peter Hermansen og Reidar Sandal, også kjent som Setesdal- og Ryfylkeheianes «Knoll og Tott», har vore SNO sin ansikt i desse heiområda dei siste 15 åra, og...

Sætrer i fjellet.

Om verneområdene

Verneområdestyret for SVR har forvaltningsmynde for til saman 17 store og små verneområde. Desse fordeler seg på 7 landskapsvernområde, 2 biotopvernområde og 8 naturreservat som vart etablerte mellom 1986 og 2019. Dei 17 verneområda har eit samla areal på 3 566 kvadratkilometer, og er med dette det nest største samanhengande verna arealet i landet.

arrow-r

Innfallsporter

Rundt verneområda i SVR vil det bli etablert 16 innfallsportar. Ein innfallsport er ein stad der dei besøkande oppsøker informasjon og/eller sett frå seg bilen før turen vidare inn i verneområda. På desse innfallsportane vil det komme på plass informasjonsskilt om verneområda, og på nokre av innfallsportane vil det bli gjort tilretteleggingstiltak i form av utbetra stiar og utvida moglegheiter for parkering.

arrow-r
Sti i skogen.
Sau på beite.

Villrein

Verneområda i SVR utgjer kjernen i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Stammestorleiken i villreinområdet er på om lag 3 000 dyr, men stamma er i praksis delt i to med om lag 1 500 dyr nord og sør for Steinbuskardet i Bykle. Levevilkåra for villreinen er vanskelege, med store naturinngrep frå vasskraftutbygging og forstyrring frå menneskeleg ferdsel.

arrow-r

Opplev Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiene

Mange opplevingar ventar deg i og ved verneområda i SVR. På denne sida finn du informasjon om tilrådde turar, opplysningar om opne hytter og verksemder som tilbyr aktivitetar i området. Du finn utstillingar om verneområda på Minne i Åseral, Kvæven i Sirdal og på Nesflaten i Suldal.

arrow-r
Folk på tur.
Villrein.

Råd om ferdsel

I verneområda kan du med nokre unntak ferdast fritt til fots og på ski. På denne sida har vi sett opp ei lita hugseliste for deg som vil på tur i desse områda. Dyrelivet er sårbart, og det er derfor viktig at vi ferdast på ein måte som skapar minst mogleg forstyrringar.

arrow-r

Reise og overnatting

På denne sida finn du ei oversikt over verksemder som tilbyr overnatting gjennom heile året. Her kan du òg finne informasjon om kollektivtransport.

arrow-r
Fisk
Villrein.

Filmar frå verneområda

På denne sida finn du ni filmar som presenterer ulike delar av verneområda våre.

arrow-r

Om oss

Her finn du ein kort presentasjon av verneområdestyret og forvaltningssekretariatet. Du vil òg finne kontaktinformasjon til verneområdestyret og verneområdeforvaltarane.

arrow-r
Fisk
Title Address Description
Nesflaten
JQWX+HW Nesflaten, Norge
Hovden
Skisentervegen 12, 4755 Hovden, Norge
Kleivaland
Kleivaland, Norge
Røssdalen
Røssdalen, Sandnes, Norge
Øydegardsstøl
Fv500, 4127 Lysebotn, Norge
Eikeskog
Eikeskog, Gjesdal, Norge
Ådneram
Aadneram, Norge
Suleskardvegen
9FF924MM+32
Brokke
Fv337 170, 4748 Rysstad, Norge
Solheimsdalen
Øglendveien 21, 4443 Tjørhom, Norge
Ljosland
Ljosland, Norge
Bortelid
Bortelid, Norge
Knaben
Knaben, Norge