1. Heim
  2. Opplev SVR

Opplev SVR

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Informasjon om SVR

Det finst tre faste utstillingar med informasjon om verneområda i SVR. Desse kan du finne på Minne kultursenter i Kyrkjebygda i Åseral, Kvæven Fjellmuseum i Sirdal og sentrumsbygget på Nesflaten i Suldal.

Utstillinga på Minne kultursenter har fleire tema knytte til lokal kulturarv og kulturliv. I utstillinga er det ei eiga avdeling om Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde (SVR) med fokus på flora og fauna, jakt og fangst. Minne kultursenter har produsert fleire filmdokumentarar som du kan sjå, til dømes om den lokale villreinhistoria i Åseral. Det er også ei eiga arkeologisk utstilling frå utgravinga ved Sostelid, ein gard frå folkevandringstida.
Minne kultursenter er også turistinformasjon for Åseral. Opningstider er tysdag til fredag. Sjå eigen heimeside. 

Kvæven Fjellmuseum er det to utstillingar med tema frå verneområda. Ei tek føre seg naturen i Sirdal og korleis han har vore nytta gjennom historia med fokus på mellom anna snarefangst av rype og utnyttinga av vasskrafta gjennom Sira–Kvina-anlegga. I 2023 kom det på plass ei utstilling om villrein og historia om Torvald Heiberg sitt store høgfjellsrike som no er kjent som Njardarheim. På Kvæven er det turistinformasjon, kafé om sommaren og ei utandørsutstilling med fleire bygningar frå Heibergheiane.

Utstillinga på Nesflaten tek føre seg naturen i landskapsvernområda Kvanndalen og Dyraheio og korleis han har vore utnytta til jakt og støling. Utstillinga har ikkje faste opningstider, men kan opnast for grupper etter nærare avtale.

Elles vil du òg finne mykje informasjon på verneområdestyret si forvaltningsretta nettside. 

Turar i området

Verneområda i SVR inneheld svært mange spanande turmål. Her finn du tips om fleire turar der dei fleste er lett tilgjengelege og alle inneheld unike natur- og kulturopplevingar. Om du vel ein av desse turane, kan du vere trygg på at besøket ditt ikkje har ein negativ innverknad på den vakre naturen og det sårbare dyrelivet i desse verneområda. Som alltid når du ferdast i norsk natur, må du etterlate deg minst mogleg spor og ta omsyn til beitedyr og andre turgåarar. Pass òg godt på deg sjølv, og ver utrusta for dei forholda turen krev.

Opne hytter

Det er mange moglegheiter for å overnatte i og like ved verneområda i SVR. Turistforeininga, Statskog og fjellstyra har til saman 66 hytter i desse områda.

Aktivitetar og opplevingar

Rundt SVR finst det ei rekke verksemder som tilbyr ulike aktivitetar i og like i nærleiken av verneområda.