1. Heim
  2. Opplev SVR
  3. Turar i området

Turar i området

Verneområda i SVR inneheld svært mange spanande turmål. Her finn du fleire tips om turar. Dei fleste er lett tilgjengelege, og alle inneheld unike natur- og kulturopplevingar. Om du vel ein av desse turane, kan du vere trygg på at besøket ditt ikkje har ein negativ innverknad på den vakre naturen og det sårbare dyrelivet i desse verneområda. Som alltid når du ferdast i norsk natur må du etterlate deg minst mogleg spor og ta omsyn til beitedyr og andre turgåarar. Pass òg godt på deg sjølv, og ver utrusta for dei forholda turen krev.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Title Address Description
Nipa
Fv691 5, 4244 Nesflaten, Norge
Stranddalen
Vei uten navn, 4237 Suldalsosen, Norge
Knaben
Stølsvegen 249, 4473 Kvinlog, Norge
Natursti ved Håheller
9FF924QR+G7
Hovdenuten
Hovden Fjellpark 54-62, 4755 Hovden i Setesdal, Norge
Kjerag
Fv500 1, 4127 Lysebotn, Norge
Månafossen og Mån
Vei uten navn, 4335 Dirdal, Norge
Førre
8HC6+WR Hauga, Norge

Knaben Fjellcamp

Frå Knaben er det 4 kilometer å gå inn til gapahuken ved Bergetjørn. Turen går i eit fint fjellterreng på merkt sti. Terrenget er bratt mange stader, så det er viktig å følge merkinga. Turen tilbake til Knaben kan leggast om Roma gruver på godt merkt sti. Du vil då ha fått ein flott rundtur på 8 kilometer.

Turkart på Ut.no

Naturstien ved Håhellervatnet

Frå rasteplassen og parkeringa ved Håhellervatnet langs Brokke – Suleskardvegen er det tilrettelagt ein halvannan kilometer lang natursti. Stien er lagd opp som ein rundtur, og på toppen har du god utsikt over områda kring Rosskreppfjorden. Naturstien er godt merkt, og undervegs kan du lese informasjon om naturen og kulturhistoria i området.

Kart over naturstien i PDF

Hovdenuten

Ein kort spasertur frå Hovden sentrum, der du kan sette frå deg bilen, startar stien til Hovdenuten (1 119 moh.) ved Hovden Fjellpark. Til toppen er det berre 1,3 kilometer, men du må opp ei stigning på 305 høgdemeter. Stien er godt merkt og tilrettelagd med heller og steintrapper på våte og bratte stader. Her oppe er det vid utsikt til landskapet og dei mange verneområda rundt Hovden. Er du heldig, kan du få sjå villrein gjennom kikkerten. Frå toppen fortset stien som ein rundtur tilbake til utgangspunktet.

Turkart på Ut.no

Kjerag

Turen til Kjerag er lang og krevjande, særleg om vêret ikkje er det beste. Du må derfor vere utrusta for ein tur på høgfjellet. Frå parkeringsplassen på Øydegardstøl til Kjerag er det 3,5 kilometer i bratt terreng på kanten ut mot Lysefjorden. Til saman må du stige så mykje som 500 høgdemeter. Stien er godt merkt, og er tilrettelagd med rekkverk og steintrapper på dei brattaste stadene.

Å gå ut på Kjeragbolten er noko av det mest nervepirrande du kan gjere i norske fjell. Under deg er det 1 000 meter ned til Lysefjorden, og der står du på ein stein som har kila seg fast mellom to fjellsider. Du treng likevel ikkje gå ut på bolten for å ha ein fantastisk tur til Kjerag, for utsikta frå stien er overveldande heile turen.

Turkart på Ut.no

Månafossen og Mån

Frå parkeringsplassen på Eikeskog er det berre 500 meter opp til Månafossen. Stien er bratt, men han er godt tilrettelagd med trapper og rekkverk. Med eit fall på 92 meter er Månafossen den høgaste fossen i Rogaland, og eit mektig syn. Om du har lyst på ein litt lengre tur, fortset den gode stien enno ein kilometer inn til den gamle fjellgarden Mån. Her inne i munningen av den vakre Fidjadalen ligg eit godt vedlikehalde gardstun omgitt av eit kulturlandskap som framleis blir halde i hevd. Om du vil overnatte på Mån, så sjå på nettstaden til Jæren Friluftsråd for meir informasjon.
Det er òg mogleg å ta ein via ferrata frå Eikeskog og opp til Månafossen.

Turkart på Ut.no

Røssdalen

Frå parkeringsplassen går det ein godt merkt sti innover dalen og langs Røssdalsvatnet. Etter berre 2 kilometer kjem du fram til ein idyllisk stad med ein vakker edellauvskog i mosaikk med opne grassletter. Her er det fint å ta ein matpause eller slå opp teltet. Her inne har òg kommunen sett opp eit toalett. Det er òg mogleg å gå vidare til Indradalen, der du møter eit vakkert og dramatisk landskap med trolske steinurer og det særeigne Fossajuvet.

Ritlandskrateret

Frå parkeringsplassen på Kleivaland er det 3 kilometer opp til ein gapahuk med ei fantastisk utsikt over Ritlandskrateret og Øyastølsmyra. Turen opp går på både grusveg og sti. Turen er berre delvis merkt, men han er skilta så det er lett å finne fram. Ritlandskrateret er restane av eit metiorittnedslag som skjedde her for 500 millionar år sidan. Mykje av krateret har vorte slite bort av is og vatn, men det er framleis mogleg å sjå den eine kraterveggen.

Førre

Førre ligg lengst inne i den vakre Jøsenfjorden. Lettaste vegen inn hit er derfor med båt eller kajakk, og turen er ikkje meir enn 6 kilometer om du legg ut frå Vadla. Dersom du startar i Tøttlandsvik er turen på 16 kilometer. På sørsida av Jøsenfjorden vil du då segle under dei bratte skogsliene i Nordraheia naturreservat og Vormedalsheia landskapsvernområde. Inne i Førre var det fast busetnad fram til 195x, og her kan du enno oppleve eit særprega kulturlandskap med mellom anna fleire hundre gamle styvingstre.

Stranddalen

Stranddalen blir kalla for «Perla i Ryfylkeheiane». Staden er særleg kjend for sitt vakre og dramatiske landskap og ein uvanleg rik fjellflora. Her finn du òg Stavanger turistforening si betente hytte som serverer verdas beste komler. Frå parkeringa ved anleggsvegen på Øvre Moen er det 4,5 kilometer inn til Stranddalen. Stien er ganske god, men det er ein del stigning så dette kan vere ein litt krevjande tur.

Turkart på Ut.no

Nipe

Turen til Nipe (707 moh.) er bratt og krevjande, men belønninga er ei fantastisk utsikt mot Suldalsvatnet og Nesflaten, men òg innover mot Dyraheio. Stien til Nipe tek til ved ein parkeringsplass nede ved Bråtveitvegen, og du må gjere unna 3,5 km og 600 høgdemeter for å nå utkikkspunktet. Stien er bratt og litt våt nokre stader, men er godt merkt. Det er òg mange fine kvileplassar langs stien opp til Nipe.

Turkart på Ut.no