1. Heim
  2. Innfallsporter

Innfallsporter

Rundt verneområda i SVR har verneområdestyret vald ut 16 innfallsportar i sin besøksstrategi. Ein innfallsport er i denne samanhengen ein stad der dei besøkande oppsøker informasjon og/eller sett frå seg bilen før turen vidare inn i verneområda. På desse innfallsportane vil det komme på plass informasjonsskilt om verneområda og på ein del av stadane vil det bli gjort tilretteleggingstilak i form av utbetra stiar og utvida moglegheiter for parkering. Nokre av innfallsportane har klart definerte startpunkt. Eit startpunkt er ofte staden der viktige stiar inn i verneområda tek til. Slike startpunkt vil bli markert med eit eller fleire informasjonsskilt. Så og si alle innfallsportane er lokalisert utanfor verneområda og er lagt til stader som toler høg bruk kor det allereie har mange besøkande.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Title Address Description
Nesflaten
JQWX+HW Nesflaten, Norge
Hovden
Skisentervegen 12, 4755 Hovden, Norge
Kleivaland
Kleivaland, Norge
Røssdalen
Røssdalen, Sandnes, Norge
Øydegardsstøl
Fv500, 4127 Lysebotn, Norge
Eikeskog
Eikeskog, Gjesdal, Norge
Ådneram
Aadneram, Norge
Brokke
Kvislelivegen 40, 4748 Rysstad, Norge
Ljosland
Ljosland, Norge
Bortelid
Bortelid, Norge
Knaben
Knaben, Norge
Hjelmelandsvågen
Hjelmelandsvågen, Norge
Berg
5FMJ+X2 Valle, Norge
Høgaleite
VHFP+86V Øvstabøstølen, Norge
Håhellervatnet
9FF924PP+67
Solheimsdalen
VWM3+9FX Sinnes, Norge
Langeid
Langeid, Norge
Sætrer i fjellet.

Nesflaten

Nesflaten er ein liten tettstad ved Rv13 gjennom Suldal kommune. På Nesflaten er det hotell, butikk og ein sommaropen kafé. I bygget med butikk og kafé har SVR ei utstilling om verneområda. Nesflaten er innfallsport for Kvanndalen landskapsvernområde og dei nordlege delane av Dyraheio landskapsvernområde. I desse områda kan du oppleve mange vakre stølsområde og stader med ein særleg rik flora. Den sørlegaste villreinstamma i Europa har òg tilhald i desse områda. Kvanndalen og Dyraheio inneheld mange gode fiskevatn og gode jaktområde for villrein og småvilt.

Startpunkt

Frå Nesflaten er det 10 – 30 minutt køyring til startpunkta for turar i verneområda etter Stavanger turistforening sitt løypenett:

  • Kvanndalsdammen (15 km). Startpunkt for den 5 km lange turen til Kvanndalen turisthytte Nesflaten – Sandvatnet (18 km). Startpunkt for turar til turisthyttene Holmavatnet (12 km) og Bleskestadmoen (6 km).
  • Bleskestad (8 km). Startpunkt for den 5 km lange turen til turisthytta på Bleskestadmoen Mostøl (19 km). Startpunkt for turar til turisthyttene Jonstøl (1 km) og Bleskestadmoen (11 km).

Hovden

Hovden i Bykle kommune er av dei største reiselivsdestinasjonane i landsdelen med eit stort skitrekk og eit omfattande løypenett både sommar og vinter. Det er bygd om lag 2 000 hytter på Hovden, og talet på besøkande kan nå opp i 20 000 dei største utfartshelgene. Plassen ligg øvst i Setesdal, om lag tre timar med bil frå Kristiansand og Arendal. Hovden fungerer som ein viktig innfallsport til fleire av verneområda i SVR. Slik som dei nordlege delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, Hovden landskapsvernområde samt naturreservata Vidmyr og Lislevatn.

Hovden er òg eit startpunkt for turar til turisthytta Tjørnbrotbu (8 km) på Austheia og Sloaros (12 km) på Vestheia. Det finst også eit godt utbygd sti- og løypenett i nærområdet til Hovden. Særleg turen til Hovdenuten (1 119 moh.) er verd å nemne. Her får du ei fantastisk utsikt mot dei mange verneområda. Denne stien er svært godt tilrettelagd som ein rundtur.

Folk på tur.
Villrein.

Hjelmelandsvågen

Tettstaden Hjelmelandsvågen ligg ein liten avstikkar frå Rv13 gjennom Hjelmeland kommune. I Hjelmelandsvågen er det ulike butikkar, overnattingsstader og ein turistinformasjon. Hjelmelandsvågen er innfallsport for Vormedalsheia landskapsvernområde og Lusaheia landskapsvernområde. I Vormedalsheia kan du oppleve spanande geologi, vakre stølsområde og stader med ein særleg rik flora. I Lusaheia finn du eit særprega høgfjellslandskap med mykje berrt fjell og mange gode fiskevatn.

Startpunkt

Frå Hjelmeland er det 20 – 30 minutt køyring til startpunkta for turar i verneområda etter Stavanger turistforening sitt løypenett:

  • Kleivaland (18 km). Startpunkt for turen til meteorittnedslaget i Ritlandskrateret (5 km t/r). Startpunkt for turane til turisthyttene Melands-Grønahei (11 km) og Trodla-Tysdal (7 km).
  •  Fundingsland (25 km). Startpunkt for turen til moreneryggen Trollgarden (19 km t/r). Startpunkt for turar til turisthytta Eidavatn (23 km) og Lusaheia landskapsvernområde.

Berg

Berg ligg 5 km vest for avkøyringa frå Rv9 mellom Valle og Rysstad i Valle kommune. Det er om lag 2  times køyring til Berg frå befolkningssentra i Arendal og Kristiansand.
Berg er ein viktig innfallsport til dei sentrale delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde og DNT-sør sine hytter Stavskar (7 km) og Bossbu (17 km), samt dei vakre stølsområda ved Bossvatn. Områda frå Stavskar og vidare vestover var eit av kalvingsområda for villreinstamma i Setesdal-Ryfylke. Det er derfor ferdselsforbod i dette området frå og med 25. april og fram til 31. mai.

Sau på beite.
Fisk

Røssdalen

For å komme til Røssdalen må du ta av frå Rv13, og køyre 20 km forbi Forsand til Øvre Espedal. Dette er innfallsporten til det langstrekte dalføre i Røssdalen og dei nordvestre delane av Frafjordheiane landskapsvernområde. Røssdalen har svært store opplevingskvalitetar. Dei ytre delane av dalen inneheld ein vakker edellauvskog i mosaikk med opne grassletter, mens Indredalen har eit dramatisk landskap med bratte dalsider og særeigne landskapsformer som Fossajuvet. Det går ein delvis merkt sti gjennom Røssdalen til Stavanger turistforening si hytte Blåfjellenden (14 km).

Øydegardsstøl

Øygardsstøl ligg i Sandnes kommune etter fylkesvegen mellom Lysebotn og Sirdal. Her finn du startpunkt for turen inn til Kjerag (7 km t/r), men òg til dei nordaustlege delane av Frafjordheiane landskapsvernområde. Det er mange storslagne opplevingar som ventar i denne delen av Frafjordheiane. Sjølve Kjeragplatået og utkikkspunktet Nesatind ligg på toppen av eit 1 000 meter høgt stup over Lysefjorden. I tillegg er Kjeragbolten ein verdskjend attraksjon. Frå Øygardsstøl går det merkt løype lang Lysefjorden til Flørli (23 km), og til Stavanger turistforening si hytte Langavatn (10 km).

Sti i skogen.
Fisk

Eikeskog

Eikeskog ligg lengst oppe i Frafjorddalen i Gjesdal kommune, om lag 12 km eller 20 minutt køyring frå Gilja ved fylkesveg 45. Plassen er i hovudsak ein innfallsport for dagsturar inn til Månafossen eller Mån, men fungerer òg som ein innfallsport til områda i Fidjadalen lengre inn i Frafjordheiane landskapsvernområde. Det går òg ei merkt løype inn til Stavanger turistforening si hytte Blåfjellenden (14 km).

Opplevingsverdiane i området er særleg knytte til den 92 meter høge Månafossen som er den høgaste fossen i Rogaland, kulturlandskapet ved Fjellgarden Mån og det storslagne landskapet innover i Måndalen.

Høgaleite

Høgaleite ligg etter Rv45 (Hunnedalsvegen) mellom Gjesdal og Øvre Sirdal. Det er om lag ein til halvannan times køyring frå befolkningsentra i Sandnes og Stavanger. Dette er ein viktig innfallsport til dei sørlege delane av Frafjordheiane landskapsvernområde og Bjerkereimsheiane på sørsida av dalføret. Det er også eit viktig startpunkt for turar til turisthyttene Blåfjellenden (8 km) og Sandvatn (12 km), både sommar og vinter.
Det varierte landskapet i Frafjordheiane byr på svært store opplevingsverdiar. Det er òg ei lang rekke kulturminne i området.

Fisk

Ådneram

Ådneram ligg heilt nord i Sirdal, om lag halvannan time med bil frå Stavanger. Dette er eit område som blir svært mykje besøkt både sommar og vinter. I dei største utfartshelgene kan det vere så mykje som 30 000 besøkande i Øvre Sirdal. Det ligg fleire hyttefelt ved Ådneram, med om lag 700 hytter og om sommaren genererer Brokke-Suleskardvegen mykje trafikk. Ådneram er derfor ein svært viktig og mykje brukt innfallsport til verneområda i SVR. Dette gjeld både vestover Lysevegen mot Kjerag og Frafjordheiane landskapsvernområde og austover Brokke-Suleskardvegen til Setesdal og Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Nordover Flatstøldalen frå Ådneram kan ein òg komme inn på turistforeininga sitt løypenett og turisthyttene Grautheller og Taumevatn.

Håhellervatn

Den 42 km lange vegen mellom Brokke i Valle og Suleskard i Sirdal vart opna i 1990, og 22 km av vegen går gjennom Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Vegen har stor trafikk, og om lag 80 000 køyretøy ferdast på vegen kvart år når han er open mellom 20. mai og 31. oktober. Ved Håhellervatn er det lagt til rette for dei besøkande med dagparkering, rasteplass, toalett og eit informasjonspunkt. Her kan du og starte turen på ein 1,5 km godt til rettelagd natursti. Langs naturstien får du informasjon om verneverdiane i området og den tek deg opp til eit utkikkspunkt med vidt utsyn over Rosskreppfjorden og heilandskapet rundt.

Sti i skogen.
Fisk

Brokke

Brokke ligg ved Brokke – Suleskardvegen i Valle kommune midt i Setesdal. Med bil tek det om lag 2 timar frå Kristiansand og Arendal. Brokke er eit fint utgangspunkt for turar inn mot Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde både sommar og vinter. Det er 400 hytter i området, samt skitrekk, lysløype, oppkøyrde skiløyper og mange turstiar om sommaren.

Ved Furestøyl er det ein liten parkeringsplass og offentleg tilgjengeleg toalettanlegg. Her ligg òg Brokkestøylen kafé og camping. Det er også lagt til rette med klatreruter og via ferrata i Løefjell.

Solheimsdalen

Solheimsdalen er ein sidedal til hovuddalføret i Sirdal, og strekk seg om lag 7 kilometer austover frå Tjørhom. Frå Stavanger tek det om lag halvannan time med bil til Solheimsdalen. Det ligg om lag 500 fritidshytter i området, og det er mykje folk både sommar og vinter. Solheimsdalen er eit sentralt startpunkt for turar inn mot turisthytta Kvinen (9 km) og dei sørlege delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Sti i skogen.
Fisk

Langeid

Langeid ligg rett ved Rv9 i Bygland kommune. Det er om lag 2 timars køyring til Langeid frå Arendal og Kristiansand. Langeid er ein viktig innfallsport til dei søraustlege delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde og DNT sør sine hytter Tjønndalen (7 km) og Gaukhei (20 km). I dette området kan du oppleve eit vakkert stølslandskap og store, vide heier.

Ljosland

Ljosland ligg nord i Åseral kommune, om lag 22 km frå kommunesenteret Kyrkjebygd. Det er òg om lag 500 hytter på Ljosland, og området blir derfor mykje brukt både sommar og vinter. Her ligg det òg eit skitrekk, og det er maskinpreparerte skiløyper. Frå større befolkningssentra som Kristiansand og Mandal er det om lag halvannan time med bil. For mange innbyggjarar langs kysten mellom Lyngdal og Arendal er Ljosland saman med Bortelid ein av dei nærmaste innfallsportane til Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde og rutenettet til turistforeininga. Frå Ljosland går det merkte stiar til mellom anna Lakkenstova (5 km) og Gaukhei (9 km).

Fisk

Bortelid

Bortelid ligg nord i Åseral kommune, om lag 27 km frå kommunesenteret Kyrkjebygd. Frå større befolkningssentra som Kristiansand og Mandal er det om lag halvannan time med bil. For mange innbyggjarar langs kysten mellom Lyngdal og Arendal er Bortelid saman med Ljosland ein av dei nærmaste innfallsportane til Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde og rutenettet til turistforeininga. Frå Bortelid går det merkte stiar til mellom anna Gaukhei (17 km). Det er òg om lag 1 500 hytter på Bortelid, og området blir derfor mykje brukt gjennom heile året. På Bortelid er det òg eit skitrekk, lysløype og eit stort løypenett både sommar og vinter.

Knaben

Knaben er ein liten tettstad øvst i Kvinesdal kommune, om lag 25 km nord for Rv44 ved Kvinlog. Med bil tek det om lag 2 timar å komme seg til Knaben frå Kristiansand eller Stavanger. Her ligg den sentrale innfallsporten til dei sørlege delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, og ein fin plass å starte om du vil oppleve det særeigne landskapet i desse heiane. Knaben er ein utfartsstad heile året, med skitrekk, skiløyper og mange turstiar. Det er òg om lag 500 hytter på staden. Det er ei svært spanande gruvehistorie knytt til Knaben. Eit vanleg turmål er gapahukane ved Bergetjørn som du kan besøke på ein 7 km lang rundtur frå Knaben. Vinterstid blir det preparert skiløype inn til Knaberøysa på grensa mot Åseral.

Sti i skogen.