1. Heim
  2. Råd om ferdsel

Råd om ferdsel

I verneområda kan du med nokre unntak ferdast fritt til fots og på ski. Nedanfor har vi sett opp ei lita hugseliste til deg som vil på tur.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

  • I nokre område er det restriksjonar på ferdsel ein periode på våren grunna trekkområde eller kalvingsområde for villrein. Oversyn finn du på Miljøstatus.no, eller på denne PDF-fila.
  • Villreinen skyr folk og bør få beite i fred. Vinteren er ein flaskehals, særleg for simlene som ber kalv. Bruk kikerten flittig, kjem du på dyr så trekk deg attende og legg ruta ein annan veg.
  • Rovfugl likar ikkje forstyrring ved hekkeplassane. Hald avstand frå desse.
  • Ta gjerne med deg hunden på tur, men i perioden f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august må du halde han i band. Vær merksam på at mange kommunar har utvida bandtvang. Meir informasjon finn du på nettsidene til kommunane.
  • Sauane finn gras i heia. Du treng ikkje dele nista med dei.
  • Sporlaus ferdsel er sjølvsagd. Ta med deg heim det du tok med inn.
  • Å fyre bål kan vere triveleg, men hugs bålforbodet i perioden 15. april – 15. september. Ikkje hogg ned skogen for å lage bål. Bruk tørrkvist du finn på bakken eller på trea.
  • I verneområda er det forbod mot sykling, anten heia er berr eller snødekt. Når vegane er berre, kan du sjølvsagt sykle på dei.
  • Jakt og fiske er tillate, men hugs at du må ha løyve frå grunneigar (jakt og fiskekort).

Fjellvettreglane

Villreinsertifikatet

Kunnskap om villreinen gir forståing for kvifor og korleis ein skal ta omsyn til dyra. Villreinsertifikatet er ein måte å skaffe seg slik kunnskap på. Ved å ta ein test kan du sjå om du er «kvalifisert» til å ferdast i villreinfjellet.

Ta villreinsertifikatet på: villreinsertifikatet.no