1. Heim
  2. Verdiskapingsprosjektet om villrein

Verdiskapingsprosjektet om villrein

I tidsrommet 2017-2022 har verneområdestyret for SVR drevet prosjektet Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjellet i Setesdal Ryfylke villreinområde. Prosjektet hav vore ein del av Miljødirektoratets program Villreinfjellet som verdiskapar. I sluttrapporten kan du lese meir om verdiskapingsprosjektet og dei prosjekta som er gjennomført.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Storbukk i fjellet.

Sluttrapport frå verdiskapingsprosjektet

Verdiskapingsprosjektet i Setesdal Ryfylke hadde to hovudmålsettingar. Desse var å auka kunnskap og medvit om villrein og villreinfjell slik at arten og leveområda vert ivareteken på kort og lang sikt, samt å bidra til positivitet og eigarskap til villrein og villreinfjell.

Prosjektet vart vidare delt inn i fire delprosjekt med eigne målsetningar og arbeidsgrupper:

  1. Kunnskap om villrein og villreinfjell til barn og unge
  2. Møteplass villreinfjellet
  3. Villreinen og kulturarven
  4. Sti- og løypeplanar – adaptiv løypeforvaltning

I sluttrapporten kan du lese meir om kva slags tiltak og arrangement verdiskapingsprosjektet har stått bak. Vidare går rapporten også inn på erfaringane frå prosjektet og i kva grad målsettingane vart nådd.

På side 36 i sluttrapporten vil du og finne lenker til mykje av det som vart produsert gjennom verdiskapingsprosjektet. Her finn du mellom anna hefter og film om den lokale villreinhistoria, informasjonsskilt om kulturminne i fjellet, informasjon om mobilappen Hidden, beredskapsplanen om Omsyn til villreinen i vanskelege vintrar, i tillegg til adaptiv løypeforvaltning.

Lenke til sluttrapporten

Heiverten

Det digitale vertskapskurset Heiverten består av fire ulike modular, kor villrein og vern er sentrale tema. Kurset er utvikla på e-læringsplatforma Motimate, og vil være tilgjengeleg tilsette i reiselivsverksemder i Agder og Rogaland i første omgong. Kursa kan nyttast fritt av alle fylke og kommunar i Heiplansamarbeidet. Det arbeidast også for at kursa skal bli gjort tilgjengeleg for skuler, lag og organisasjonar.

Heiverten er resultatet av eit samarbeid mellom SVR, Destinasjon Hovden og Visit Suldal.

Dei ulike kursmodulane i Heiverten finn du her:

· Villreinen

· Naturvett

· Kulturminne i heiområda

· Heiplanområdet

Sondov og Ingrid Margrete Bjåen.

Sondov og Ingrid Margrete Bjåen.