1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Vidmyr naturreservat

Vidmyr naturreservat

Vidmyr naturreservat ligg på vestsida elva Otra på Hovden i Bykle kommune. Naturreservatet ber namnet sitt med rette. Saman med myrområde i Hovden landskapsvernområde, finn du her eit av dei største samanhengande myrområda i regionen. Med sine 9,7 km² er Vidmyr av dei større naturreservata. Historisk har Vidmyr vore særs viktig som slåttemark og beitemark for husdyr. Her finn du fleire særeigne plantearter tilpassa område som vert slått og beita. Eit mindre areal sørvest i naturreservatet vert framleis slått for å ta hand om desse planteartene.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Vidmyr naturreservat vart verna i 1986. Området vart verna for å ta vare på eit stort og representativt myrområde med godt utvikla bakke- og strengemyrer med ein rik flora. Bakkemyr er jordvassmyr i hellande terreng. Strengemyr har regelmessig lange og smale forhøgingar (strengar) som demmer opp vatnet. Mellom desse er det gjerne flatare våte parti. På Vidmyr møtest fleire plantearter frå ei rekke plantegeografiske regionar.

Attgroing av slåttemyr og mangel på tradisjonell hevd fører til redusert artsmangfald og endring av naturtype. I 2014 vart det sett i gang skjøtsel på eit mindre areal sør i verneområdet. Til saman 10 mål vert slått med tohjulstraktor.

Plante- og dyreliv

Vidmyr naturreservat har ein særs rik flora. På dei meir fattige myrene dominerer ofte bjønnskjegg og blåtopp. Det er også meir kalkrike område der du kan finne breiull. Søterot er også eit vanleg innslag i naturreservatet. Ein særleg karakteristisk art er brudespore. Dette er ein orkidé som særleg er knytt til myrslått. Andre vanlege plantearter er stjernesildre, tettegras og soldogg.

Særleg i dei lågareliggande delane av naturreservatet er det større innslag av fjellbjørk og ulike vierarter. Her trivst fuglar som boltit, enkeltbekkasin, rugde, blåstrupe, heipipelerke, ringtrost og lirype. I nærleiken av Lislevatn naturreservat hekkar raudstilk og siland.

Av dei større pattedyra er elgen ofte å sjå på Vidmyr. Her finn han særleg godt med beite i sommarhalvåret. Frå tid om anna er også reinen innom Vidmyr. I den nordlege delen av naturreservatet er det eit trekkområde for rein mellom aust- og vestheia.

Bruk i tidlegare tider

Fram til 1950-talet vart det drive myrslått på store delar av Vidmyr. Slike utslåttar var særs viktige for å sikre vinterfôret til buskapen. Graset vart turka og lagt i høybuer, eller det vart sett i stakk. På vinterføre vart høyet henta heim til garden med hest og slede. Denne bruken stansa opp med det moderne jordbruket, og tidlegare slåttemark gror att med skog og vier. For å ta vare på plantearter som trivest på slåttemark, som til dømes brudespore, vert det framleis drive slått på eit mindre areal sør i naturreservatet. Dette finn du om du følger den merkte turistløypa mot Sloaros eit stykke opp i bakkane nord for alpinsenteret. Etter ein liten kilometer tar du av nordover frå turistløypa.

Frå vikingtida og fram til midten av mellomalderen var det stor jernindustri på Hovden, og dette var eit av dei viktigaste områda med jernproduksjon i Sør-Noreg. Lengst søraust i naturreservatet, og særleg ned mot Otra, finst spor etter verksemda. I Vidmyr naturreservat er det til saman kartlagt 55 kolgroper og 8 jernvinneanlegg. Vil du vite meir om desse kulturminna og jernproduksjonen, kan du vitje jernvinnemuseet på Hovden.

Bruken i dag

Det ligg tre hytter i Vidmyr naturreservat. Delar av kraftverksinstallasjonane i Lislevatn ligg også innanfor naturreservatet. Merkt turistløype til Sloaros turisthytte følger grensa på verneområdet i sør. Det vert også preparert skiløype søraust på Vidmyr som del av skiløypene Storenos 1 og Vidmyr. Innanfor vernegrensa er det nokre få umerkte stiar som berre sporadisk vert nytta.

Størst aktivitet i naturreservatet er gjerne på hausten. Dette er knytt til elgjakt, rypejakt og molteplukking. Langløpet «Hovden Ultra» vert arrangert i september månad, og kryssar over Vidmyr.