1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Lislevatn naturreservat

Lislevatn naturreservat

Lislevatn naturreservat ligg i Bykle kommune, heilt nord i Setesdal. Området vart verna i 1982, og er ein kvadratkilometer i storleik. Om lag halvparten av dette er vassareal. Lislevatn naturreservat er lite i areal, men har eit rikt plantesamfunn, dyre- og fugleliv som er bunde til våtmarksområdet i og kring vatnet. I nordaust dannar elva Otra eit elvedelta av sand og grus.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Lislevatn naturreservat vart verna for å ta vare på eit viktig våtmarksområde med plantesamfunn, og dyre- og fugleliv som naturleg er knytt til området.

Lislevatn naturreservat er eit unikt fugleområde for Agder. Her ligg også trekkområdet for villrein mellom aust- og vestheia, men villrein er ikkje ein del av sjølve verneføremålet.

Ferdsel og forstyrring kan vere eit trugsmål mot hekkande fugl. Ferdselen vurderast likevel å vere såpass avgrensa at det per i dag ikkje er noko stort problem. Det er tillate å ferdast i området, men camping, teltslåing og oppsett av kamuflasjeinnretningar er forbode.

Kart med ferdselsrestriksjonar (PDF)

Plante- og dyreliv

Vegetasjonen kring Lislevatn er prega av eit relativt fattig næringsinnhald i jordsmonnet. Eit tilsig av meir næringsrikt vatn frå nordvest bidreg likevel til å skape eit spanande og artsrikt område. Busksjikt med bjørke- og vierarter gir godt skjul for ei rekke fuglearter. Tjern-, sump- og myrvegetasjonen gir eit stort mangfald av naturtypar. Vegetasjonen i vatnet er dominert av elvesnelle.

Lislevatn naturreservat har eit særleg rikt fugleliv, unikt for Agder. Enkeltbekkasin, heipipelerke, blåstrupe, lauvsongar og sivsporv er relativt vanlege. Storlomen vert også observert med jamne mellomrom. Myrsnipe og symjesnipe er båe fåtalige hekkefuglar. Svartand, småspove og gluttsnipe vert stadig observerte, særleg i trekktida. Også sjeldnare arter har vore observerte, som dobbeltbekkasin, trane, myrhauk, brushane og sotsnipe. År om anna hekkar tårnfalk, dvergfalk og jordugle i naturreservatet. Fjellvåk og kongeørn er relativt vanlege å sjå jakte i området.

Større pattedyr som elg er vanleg å sjå i naturreservatet, særleg om sommaren finn han gode beite i området. Reinen er frå tid om anna innom. Mot nord grensar Lislevatn naturreservat til trekkområde for villrein, mellom aust- og vestheia. Mindre pattedyr som flaggermus, hare, bever, røyskatt og snømus er òg vanlege. Lemen kan år om anne opptre i hopetal, noko som ofte slår positivt ut for rypebestanden.

Bruk i tidlegare tider

På Lundane ved Lislevatn var det drive myrslått heilt fram til 1960-talet. Høyet vart gjerne sett i stakk, og vart henta heim med slede og hest på vinteren. I nordaust, rett utanfor naturreservatet, ligg automatisk freda kulturminne i form av gravhaug og jernvinneanlegg (blestertuft).

Bruken i dag

Nord i Lislevatn ligg eit tunnelinntak for vasskraftproduksjon. Det er også eit lukehus/målehus sør i naturreservatet. Det er noko ferdsel knytt til fisking i vatnet. Ørekyta har etablert seg i vatnet, og det har påverka mengde og kvaliteten på fisken i vatna. Det er ein sti kring vatnet som i noko omfang vert nytta av turgåarar og dei med særleg interesse for det rike fuglelivet.