1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Ørestø naturreservat

Ørestø naturreservat

I Ørestø kan du oppleve eit stort naturmangfald. Sjølve verneområdet er ei bratt, sørvendt skogsli som ligg opp frå Frafjord i Gjesdal kommune. Naturreservatet vart oppretta i 2003, har eit areal på 728 daa, og strekk seg frå fjorden og opp til om lag 690 moh. I Ørestø veks det ein del edellauvskog, og du finn fleire sjeldne varme- og næringskrevjande karplantar, mosar og lav. Store delar av Ørestø grensar opp til Frafjordheiane landskapsvernområde.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Føremålet med fredinga av Ørestø naturreservat er å ta vare på eit spesielt naturområde.
Særleg viktig er gradienten frå sjøen og opp til lågheia som går gjennom edellauvskog, naturleg furuskog, bjørkeskog og vidare opp til skogsnaue, fuktige lyngheier. Området har stor naturrikdom i form av naturtypar, økosystem, arter og naturlege økologiske prosessar, og har stor verdi som vitskapeleg referanseområde. Den eigenarta edellauvskogen med lind, eik og ask og mange styvingstre har ein svært interessant lav- og moseflora. Området har eit rikt fugleliv, og er eit viktig hekkeområde for sporvefuglar og hakkespettar.

Nokre av styvingstrea bør skjøttast for å ta vare på denne viktige verneverdien i området. Elles er det ingen store trugsmål mot verneverdiane i Ørestø.

Plante- og dyreliv

Det veks ein styva blåbæreikeskog i nedre del av naturreservatet saman med ein storvaksen lind- og askeskog. Det finst òg ein del gråorskog, og det er den som er bakgrunnen for namnet Ørestø. På styvingstrea vekst det fleire raudlista lavarter. Plantar som liljekonvall, olavskjegg, eføy, blodtopp, breiflangre og sanikkel veks òg i området. Ei rekke arter av insekt og andre virvellause dyr held òg til i dei gamle styvingstrea. Området har eit rikt fugleliv, og er eit viktig hekkeområde for sporvefugl, ugler og hakkespettar.

Bruk i tidlegare tider

Tidlegare har skogsressursane vore nytta til ved og tømmer, og edellauvskogtre som eik, ask og lind har vorte styva for dyrefor. Det går stiar gjennom naturreservata som vert nytta for å drive sauer og kyr til beiteområde høgare oppe. Område har og vore ein del brukt til beite. Dette gjeld særleg langs stien ved nordvest-grensa i Ørestø og i den meir opne kystheia øvst oppe.

Bruken i dag

Ein merkt tursti går gjennom delar av Ørestø. Denne blir ein del brukt mellom anna til turar til Frafjordhatten. Området blir òg noko brukt til vedhogst og beite for sau.