1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Øyastøl naturreservat

Øyastøl naturreservat

Øyastøl er eit svært vakkert område som er rikt på opplevingar. Sjølve verneområdet er eit myrområde som ligg nord for garden Kleivaland i Hjelmeland kommune. Naturreservatet vart oppretta i 1986, og har eit areal på 330 daa. Like ved Øyastøl finn du Ritlandskrateret, fossilførande skiferlag, Vormedalsheia landskapsvernområde og Øyastølsmyra, ei gamal slåttemyr.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Føremålet med fredinga av Øyastøl naturreservat er å bevare eit svært interessant og variert myrområde, med innslag av både fattigmyr- og rikmyrvegetasjon. Kombinasjonen av nedbørsmyr, fattigmyr og rikmyr er særleg verdifull.

Verneverdiane på Øyastøl har lenge vore truga av attgroing frå einer, lauvskog og einstape, samt noko planting av gran. Det er òg ein del slitasje ved turistløypa som går gjennom området. Dei siste 10 åra har det vore drive aktiv skjøtsel på Øyastøl, og tilstanden til verneområdet har betra seg mykje.

Plante- og dyreliv

Myrområda på Øyastøl består av ei rekke ulike myrtypar, og det er denne variasjonen som gjer området så verdifullt. Dei største delar av myra fattigmyr, men det er òg innslag av nedbørsmyr, rikmyr og ekstremrik myr og rike kjelder. Øyastølmyra er blant anna ei gamal slåttemyt som ligg 420 moh. Myra har stadvis rik vegetasjon, der det no blir drive ein aktiv skjøtsel for å ta vare på det opne landskapet.

Bruk i tidlegare tider

Øyastøl var tidlegare ei viktig slåttemyr, og på slutten av 1800-talet stod det sju høyløer på og ved myra. Myrslåtten tok slutt rundt år 1900, men heilt fram til i dag har området blitt brukt til husdyrbeite frå dei nærliggande gardane Kleivaland og Ritland.

Bruken i dag

Øyastøl er lett tilgjengeleg frå ein skogsbilveg og ein merkt tursti opp frå ein tilrettelagd parkeringsplass ved Kleivaland. Ein merkt tursti til turisthytta Melands-Grønahei går gjennom naturreservatet. Området blir på den måten brukt ein del i samband med friluftsliv. Øyastøl er òg eit viktig beiteområde for sau.