1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Migaren naturreservat

Migaren naturreservat

I Migaren kan du oppleve eit rikt naturmangfald. Sjølve verneområdet er ei bratt, sørvendt li som ligg opp frå Frafjord i Gjesdal kommune. Naturreservatet vart oppretta i 2003, har eit areal på 523 daa, og strekk seg frå dalbotnen og Molaugsvatet på 26 moh. og opp til om lag 570 moh. I Migaren veks det mykje edellauvskog, og du finn fleire sjeldne varme- og næringskrevjande karplantar, mosar og lav. Store delar av Migaren grensar opp til Frafjordheiane landskapsvernområde.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit spesielt naturområde med ein særprega naturrikdom i form av naturtypar, arter og naturlege økologiske prosessar. Området har rik edellauvskog med alm, ask og lind, og med innslag av styvingstre, som også er leveområde for fleire sjeldne mose- og lavarter og insektsamfunn. Området har stor verdi som vitskapeleg referanseområde.

Nokre av styvingstrea bør skjøttast for å ta vare på denne viktige verneverdien i området. Elles er det ingen store trugsmål mot verneverdiane i Migaren.

Plante- og dyreliv

I den bratte lia i Migarden er det mykje rasmark og store parti med ur. Den til dels storvaksne og grove edellauvskogen inneheld arter som hegg, gråor, svartor, bjørk, rogn og villapal, frisk alm- og asklindeskog. Mange av edellauvskogtrea er styva. Her veks det òg fleire arter som er sjeldne i Rogaland, slik som skogsvingel, kjempesvingel, myske og vanleg maigull. I edellauvskogen finst det òg fleire sjeldne lavarter og mosearter. Ei rekke arter av insekt og andre virvellause dyr held òg til i dei gamle styvingstrea. Området har eit rikt fugleliv, og er eit viktig hekkeområde for sporvefugl, ugler og hakkespettar.

Bruk i tidlegare tider

Tidlegare har skogsressursane vore nytta til ved og tømmer, og edellauvskogtre som eik, alm, ask og lind har vorte styva for dyrefôr.

Bruken i dag

Det går ingen merkte stiar i Migaren, og ferdselen i området er svært liten. Området blir òg noko brukt til vedhogst og i avgrensa grad til beite for sau.