1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Hisdal naturreservat

Hisdal naturreservat

I Hisdal naturreservat ligg det kalvingsområde for villrein og restar etter kjempefuruskogar. Her finn du villmarksprega fjelldalar og fjellgarden Store Hisdal med intakte tun og bygningar. Naturreservatet vart verna i 2008, og er på 16 000 dekar i storleik. Med unntak av ei kraftline gjennom området, fjellgardane og kulturmarka kring desse, er hovudinntrykket eit område særs lite påverka av menneske.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Naturreservatet ligg sør i Bykle kommune og grensar inn til Ljosådalen naturreservat i sør og biotopvernområdet Steinsbuskardet – Hisdal i nord. Hisdal naturreservat vart verna for å sikre restar etter kjempefuruskogar. Her finn du mange gamle og grove furutre som er særs viktige for å ta vare på artsmangfaldet knytt til gamle furuskogar. I Hisdal naturreservat ligg også særs viktige kalvingsområde for villrein.

Attgroing av kulturmarka kring gardane i Hisdal vil på sikt kunne endre artssamansettinga. For plantearta solblom er attgroing saman med sterkt beitetrykk ei utfordring. Ferdsel kan vere eit problem for villreinen sin bruk av kalvingsområda. Per i dag vurderast likevel ferdselen å vere såpass avgrensa at det ikkje er til hinder for at villreinen kan nytte områda.

Kart med ferdselsrestriksjonar (PDF)

Plante- og dyreliv

Naturreservatet er dominert av fattige vegetasjonstypar dominerte av røsslyng, blokkebær og blåbær. I dei brattare lisidene og særleg kring fjellgardane er det meir rikare bjørkeskog med innslag av låge urter og bregnar. Opp under Hisdalsfjellet finn du dei rikaste områda med arter som raud jonsokblom, markjordbær, blåklokke, hundekveke, myskegras, skogfiol, kransmynte og bleikstorr. I dei brattaste og rikaste partia finst førekomstar av flekkgriseøyre, kattefot, taggbregne og store mengder bergfrue og rosenrot. Den raudlista planten solblom er funnen på fleire plassar i det gamle kulturlandskapet kring fjellgardane. Arten har gått attende i seinare tid som følge av at det ikkje vert beita og drive slått som før. Årleg vert det drive slått kring desse førekomstane for å sikre at dei ikkje vert konkurrerte ut av andre arter.

Av treslag er bjørk vanleg. Furu dominerer på heiområda sør for fjellgardane, og er elles å finne spreitt kring i mindre holt. Daude ståande og liggande furutre er særs viktige element for ei rekke nedbrytarar og insekt.

Hisdal naturreservat er rikt på vilt, særleg på lirype og orrfugl. Kring dei høgste nutane finn vi også fjellrypa. Storfugl (røy og tiur) finst også i skogsområda i dei lågareliggande delane av naturreservatet. Innanfor naturreservatet ligg også hekkelokalitet for kongeørn, og heile verneområdet inngår i territoriet.

Villrein er å sjå i Hisdal gjennom store delar av året, og området er ein viktig del av kalvingsområdet. Tidleg vår kan villreinen ofte trekke ned til områda kring fjellgardane der han beiter på groen.

Det er elles gode område både for elg og hjort, men då helst i dei lågareliggande delane av verneområdet.

Bruk i tidlegare tider

Dei to gardsbruka på Store Hisdal var først husmannsplassar. Bruka vart sjølvstendige gardar frå midten av 1800-talet. I ein kort periode på byrjinga av 1900-talet vart det drive eige ysteri her inne; Søren Lund geitostysteri. Tilkomsten til gardane var frå rideveg opp Norheii. I 1948 vart det bygd køyreveg opp frå Moen ved Trydal, men begge bruka vart lagde ned kort tid etter. På dei to gardane står det i dag to laftebygde setehus, samt uthus, badstove og kvennhus. Fleire stader i verneområdet er det restar etter gamle støylsbygningar. I elva aust for Dipleåsen er det også spor etter ei sagtuft.

Den tida det var drift på gardane vart marka kring gardane intensivt beita av kyr, sau, geit og hest. Beitinga bidrog til at mykje av det som i dag er bjørkeskog var snautt beitelandskap.

Bruken i dag

Det er ikkje husdyrhald på gardane i dag, men det er noko beite frå sau i området. Dei seinare åra er det lagt ned mykje arbeid frå grunneigar for å halde kulturlandskapet kring gardane ope, samt slå kring førekomstar av solblom. I heiområda kring gardane vert det drive jakt både på elg, hjort og rein, samt småvilt. Opp under Voilenuten er det bygd ei jakthytte i seinare tid til erstatning for ein eldre bygning som vart riven. Setra Flottebu ligg også innanfor verneområdet.

Av større tekniske inngrep har ein køyrevegen inn frå Trydal. Ei høgspentline kryssar også gjennom verneområdet.