
I Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, Steinbuskardet-Hisdal biotopvernområde, Ljosådalen naturreservat og Hisdalen naturreservat er det områder med forbod mot ferdsel. Forbodet er ikkje til hinder for ferdsel som fylgjer veg eller merka løype, eller for tilsyn til egen eigendom. Man skal derimot være ekstra varsam når man ferdast i restriksjonstida slik at ein ikkje uroar reinen.
Fyljande forbod gjeld i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde:
- Kalvingsområda Storenos, Vatnedalsheii, Ratevassnuten, Svarvaren og trekksområdet Breidvatn i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai.
- Trekkområda Svarteløkfjellet, Vardsvatn-Kvislevassknuten, Andersvatnet-Børsteinvatnet og Steinbuskardet f.o.m. 15. april t.o.m. 20. mai
Fyljande forbod gjeld i Steinbuskardet – Hisdal biotopvernområde:
- I Steinbuskardet (sone A) gjeld ferdselsforbodet hele året.
- Hisdal (sone B) i tidsrommet .o.m. 25. april t.o.m. 31. mai.
Fyljande forbod gjeld i Ljosådalen naturreservat
- For heile området i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai
Fyljande forbod gjeld Hisdalen naturreservat:
- I kalvingssona (nordvest i reservatet, jf. vernekart) er ferdsle forbode i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai.
Du kan sjå områda med restriksjonar i Naturbase ved å trykke her. Ved å gå inn på faktaark ser du kva periode forbodet gjeld.
