1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Skuledag ved Håhellervatnet

Skuledag ved Håhellervatnet

Nok ein vellukka skuledag for 9.-klassinger ved Håhellervatnet. Les meir om arrangementet og SVR sin post samen med Norsk Villreinsenter. Klarer du quizen skuleelevane fekk?
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Tysdag 2. juni ble det arrangert skuledag ved Håhellervatnet kor elever frå 9-klasse i Bykle, Valle, Bygland og Sinnes skule, samt Outdoor College i Sirdal deltok. Elevane fekk bla. høyre om kraftproduksjon, historisk bruk av heia, villrein, sauebeiting og forvaltninga av heiane. Arrangør var Sirdal Huskyfarm i samarbeid med SVR, Norsk Villreinsenter, Sira Kvina kraftselskap, Statskog og Jærmuseet/ Jæren Smalelag.

SVR hadde post saman med Norsk Villreinsenter kor elevane fekk quiz om verneområdeforvaltning og lære om villreinens tilpassing til det tøffe klimaet i fjellet. Kamilla frå villreinsenteret hadde med seg både villreinklauver, skinn og gevir.

Besøket på posten blei avslutta med tautrekkingskonkurranse. På den eine sida stod nokre få elevar som villrein, medan det på andre sida kom fleire og fleire elevar som representerte utbygging av hytter, vegar og kraftverk, rovvilt, motorisert ferdsle o.s.b. Ein klar illustrasjon på at villreinen kan stå imot mange påkjenningar, men alt berre til eit vist nivå.

Lyst til å prøve deg på quizen me hadde laga til elevane? Spørsmåla finn du under bilete. 

Bilete fra ein tidligare skuledag ved Håhellervatnet. Foto: SVR

Bilete fra ein tidligare skuledag ved Håhellervatnet. Foto: SVR

Quiz med tema verneområdeforvaltning og SVR

Spørsmål 1: Kva er eit landskapsvernområde?

  1. Eit fjellområde der alt er forbode
  2. Eit fjellområde med spesielle reglar for å take vare på flora, fauna, landskap og kulturminne
  3. Eit fjellområde der det berre lev sjeldne dyr og fuglar

Spørsmål 2: Kven bestemte at det skulle bli eit verneområde i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane?

  1. Kongen
  2. Stortinget
  3. Villreinsenteret
  4. Kommunen
  5. Ordførarane

Spørsmål 3: Alle verneområde har eit verneformål som seier noko om kvifor området er verna.  Kvifor trur du Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde blei verna?

  1. For å sikre produksjonen av elektrisk kraft frå dei store vasskraftmagasina
  2. For å kunne drive jakt, fiske og friluftsliv i fjellområdet
  3. For å ta vare på eit store samanhengande naturområdet, og leveområdet til den sørlegaste villreinstammen i Europa

Spørsmål 4: Alle verneområde har ein eigen forskrift som fortel kva som er lov og ikkje lov i verneområdet. Er utsegna rett eller gale?

  1. I verneområdet er det berre lov å gå på merka sti og veg?
  2. I verneområdet er det tillat å jakte og fiske?
  3. I verneområdet kan du sette opp små bygningar dersom du ikkje skremmer dyr og fuglar?
  4. I verneområdet kan du køyre snøskuter kor du vil dersom du har eit nyttig ærend?
  5. I verneområdet kan du bruke motorbåt på vatn større enn 2km2 ?

Spørsmål 5: I Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har ein det som kallast for lokal forvaltning. Kven bestemmer i verneområdet?

  1. Kommunestyret
  2. Eit verneområdestyre beståande av ein representant frå kvar av kommunane og Fylkeskommunane
  3. Statsforvalteren

Spørsmål 6: Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde blei oppretta for blant anna å ta vare på villreinen. Kva er den største trusselen mot villreinen i området?

  1. Oppsplitting av leveområda slik at reinen ikkje kan bevege seg mellom dei beste beite- og kalvingsområda
  2. For mange rovdyr
  3. For hard jakt

Svar på spørsmåla:

1. svar c, 2. svar b, 3. svar c, 4. a) galt b) rett c) galt d) galt e) rett, 5. svar b, 6. svar a