Me held fram arbeidet med å kartlegge ferdsel på dei mange anleggsvegane i og rundt verneområda. Kartlegginga er viktig for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltninga av verneområda.
Denne sumaren er me så heldige å få hjelp av masterstudent Kira Rokx, som har sommarjobb i Sira Kvina Kraftselskap. I tillegg til å gjennomføre manuelle kontrollteljingar ved anleggsvegane, vil ho gå i fjellet og ta ein prat med dei ho møter på stien. Me ønskjer å vite meir om kven som bruker området og litt om kor turen går. Me vonar du tek deg tid til å svare Kira og ønskjer dykk alle ein god sumar. Nyt det flotte verneområdet vårt og hugs å vise omsyn til naturen og villreinen.
Sitatet om geitekillingen kjem forresten frå Alf Prøysen si barnebok om geitekillingen som kunne telje til ti. Ei framifrå barnebok.

Bilete syner Kira Rokx og i bakgrunnen verneområdeforvaltar Alf Odden ute på oppdrag. Foto: SVR
