1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Ny tiltaksplan for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde

Ny tiltaksplan for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde

Klima- og miljødepartementet har no fastsett tiltaksplanen for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde. Målet er å snu den negative utviklinga og betre tilstanden for villreinen.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Villrein beiter saman i fjellet

Meir enn 90% av den ville fjellreinen i Europa bur i Noreg. Det betyr at me har eit spesielt ansvar for å bevare arten og leveområda hans. 

Undersøkingar viser at tilstanden og utviklinga for arten (Rangifer tarandus) i Noreg er dårleg, og denne tiltaksplanen er ein del av arbeidet for å snu den negative trenden. 

Tiltaksplanen inneheld til saman 85 tiltak. Desse gjeld mellom anna arealplanlegging og arealforvaltning, regulering av ferdsel på vegar og anna ferdsel, villreinhelse, bestandsforvaltning og restaurering. 

Planen inneheld også konkrete, områdespesifikke tiltak som i stor grad er ferdselsregulerande og knytt til vegar, hytte- og løypenett, annan infrastruktur og jakt. 

Målet med tiltaksplanen er å reetablere passasjar villreinen har brukt tidlegare, og ta vare på dei trekkpassasjane villreinen bruker i dag.

Heile tiltaksplanen kan du lese her.

Kvifor skjer dette no?

Bakgrunnen for tiltaksplanen er Kvalitetsnorm for villrein frå 2020, og klassifiseringa av dei nasjonale villreinområda frå 2022. Klassifiseringa frå 2022 viser at villreinen har betydelege utfordringar i dei fleste av villreinområda. 

Villreinmeldinga som regjeringa la fram i 2024, og handsaminga i Stortinget, dannar ei ramme for arbeidet med tiltaksplanane for norske villreinområde.

Tiltaksplanane er ikkje juridisk bindande, men er ei samla oversikt over tiltak som skal søkjast gjennomført av styresmakter på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, frivillige organisasjonar, rettshavarar, grunneigarar og andre aktørar i villreinområda.

Kart over verneområda i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.