1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Vis omsyn til vilreinen i fjellet

Vis omsyn til vilreinen i fjellet

Hugs å ta omsyn til veilreinen når du ferdast i fjellet og unngå unødig forstyrringar av drektige simler.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Dagane er lysare og sola har byrja å varme. I fjellet ligg det framleis snø, og høva ligg med andre ord til rette for nokre fine fjellturar. Kom då i hug at våren er ei sårbar tid for reinen og vis omsyn. Gjennom vinteren har dyra gått på sparebluss og for simlene nærmar det seg tida for kalving. Helst vil dei vera i fred og spare energi.

Dei generelle villreinvettreglane:

  1. Ikkje forstyrr villreinen. Vel eit anna område om du veit at det er villrein der du hadde tenkt deg.
  2. Unngå ferdsel i villreinområda under kalvinga i mai. Hugs at det nokre stader er ferdselsforbod.
  3. Bruk dei merka løypane.
  4. Ha kontroll på hunden, og undersøk dei lokale reglane som gjeld for båndtvang.
  5. Ser du villrein, bør du halde seg i ro slik at dei uforstyrra kan trekkje seg unna.
  6. Bruk kikkert og hald avstand.

Sjå gjerne og hugselista vi har for ferdsel i fjellet: Råd om ferdsel – Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

God tur!