1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Frafjordheiane landskapsvernområde

Frafjordheiane landskapsvernområde

I Frafjordheiane landskapsvernområde møter du den vakre og dramatiske vestlandsnaturen i konsentrert utgåve. Her finn du djupe fjordar, mektige fjell, høge fossar og grøne dalar. Frafjordheiane landskapsvernområde strekk seg frå Lysefjorden i nord til Frafjord og Østebødalen i sør. Verneområde har areal i kommunane Sandnes, Gjesdal og Sirdal. Frafjordheiane vart oppretta i 2003 og har eit areal på 418 km2.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Om område

Frafjordheiane er eit høgfjellsplatå som er delt opp i dal- og fjordsystem som har blitt danna under og etter siste istid. Arbeidet til isbreane og store mengder smeltevatn, har avsett lausmassar i form av terrassar, randmorenar, ur og svære blokker. Dette har gitt eit dramatisk og variert landskap med djupt nedskorne dalar som stig gradvis mot meir småkupert høghei i aust.

I dei lågareliggande delane av Frafjordheiane finn ein eit verdifullt kulturlandskap. Landskapet består av opne beitemarker og tilhøyrande bygningar på stølar og nedlagde gardar. Dette landskapet er eit resultat av lang tids bruk, mellom anna i form av beite, hogst og brenning.

Eit karakteristisk særpreg ved landskapet i Frafjordheiane er dei markerte dalføra. Dette gjeld til dømes Røssdalen med dramatiske former som Fossajuvet og Nordre Dunsen, Lysefjorden med verdskjente element som Preikestolen, Kjeragbolten og Kjeragplatået, samt Fidjadalen med mellom anna Månafossen som er den høgaste fossen i Rogaland.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Frafjordheiane landskapsvernområde vart oppretta for å:

  • Ta vare på eit representativt, særprega og vakkert landskap, med bratte fjord- og dalsider via låghei opp til glattskura høgfjell.
  • Ta vare på vatn og vassdrag, viktige leveområde for eit særprega plante- og dyreliv, geologiske landskapsformer og beite- og stølslandskap med eldre og nyare kulturminne.
  • Ta vare på ein særmerkt alm-/lindeskog med stor variasjon, storfrytledominert bjørkeskog, frisk fattigeng, nordvende berg og urer, og elvar og flaumelvefar med oseaniske mosesamfunn i Røssdalen.
  • Sikre allmenta moglegheit til naturopplevingar gjennom eit tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

Frafjordheiane inneheld ei rekke svært verneverdige lokalitetar, og fleire av desse er av nasjonal verdi. Verneverdiane i Frafjordheiane er i første rekke knytte til landskapsmessige og kvartærgeologiske verdiar, men verneverdiane knytte til botanikk er også store.

I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei landskapsmessige eller kvartærgeologiske verneverdiane i Frafjordheiane. Når det gjeld kulturlandskapet i Røssdalen, Fidjadalen og mange stølsområde, er attgroing eit trugsmål mot verneverdiane.
Forstyrring frå ferdsel utgjer eit visst trugsmål mot dei registrert hekkelokalitetane for jaktfalk og hubro.

All aktiviteten på Kjerag fører også med seg mykje motorferdsel med helikopter i samband med basehopparrangement, filming og ulike tilretteleggingstiltak. Denne motorferdselen verkar forstyrrande på fotturistane som besøker staden.

Plante- og dyreliv

Vegetasjonen i Frafjordheiane er mildt sagt varierande. Høgfjellsområda er svært artsfattige på grunn av dei sure og harde bergartane i området, mens det i Røssdalen og liene ned mot Frafjord veks ein artsrik edellauvskog. Denne edellauvskogen er ein av dei fremste verneverdiane i Frafjordheiane.

Frafjordheiane utgjer eit av dei beste områda for fugl i Ryfylke med omlag 100 registrerte arter. Den rike og varierte vegetasjonen i dalane skapar levevilkår både for vanlege skogsarter og for meir spesialiserte fuglar. Ikkje minst dei som rugar i hôl i tre. Kvitryggspett, dvergspett, blåstrupe og snøsporv er arter du kan møte i Frafjordheiane. I verneområdet er det også registrert fleire hekkeplassar for kongeørn, jaktfalk og hubro.

Det er gode bestandar av elg og hjort i Frafjordheiane. Tidlegare var også villrein eit vanleg syn, men auka forstyrringar har gjort at villreinen har vore ein svært sjeldan gjest etter midten av 1990-talet. Særleg kraftutbyggingar, bygginga av vegen til Lysebotn og massiv hyttebygging i Sirdal, gjer det nesten umogleg for villreinen å trekke ut i Frafjordheiane.

Bruk i tidlegare tider

Frafjordheiane er rike på kulturminne etter busetting, stølsdrift, slått og drifteferdsel frå 1700-talet og framover.

I Fidjadalen var det fast busetting på Fed på slutten av 1800-talet og på Mån heilt fram til 1913. Gardane i Øvre Espedal og Frafjorddalen heldt også oppe stølsdrifta til eit stykke ut på 1900-talet. På Mån er både husa og delar av kulturlandskapet halde i hevd, og er vel verd eit besøk. Det er òg Øvre Espedalsstøl der stølshusa tradisjonelt var bygde i lange rekker.
Dei mange ferdselsvegane over heia vart alltid lagde der det var lettast å finne fram. Nødlingar – små steinvardar – står langs dei viktigaste ferdselsvegane. Av slike vegar kan ein nemne «Kjærlighetsstien» mellom Øvre Espedal og Frafjord, driftevegen til Øvre Sirdal over Mangærne og fleire vegar mellom Frafjord og Østebødalen.

Folk som vandra i fjellet i tidlegare tider – gjetarar, handelsreisande, jegerar og fiskarar – trong stader å sove om natta. Store steinar eller bergvegg med overheng vart kalla heller eller hedler. Under ein god heller kunne ein ligge tørt, sjølv om det regna. Omkring mange av desse er det mura opp stein som ein lemur for å skjerme mot vind og vêr. Også dagens vandrarar kan finne ly her.

Bruken i dag

Frafjordheiane er eit viktig beiteområde for sau, og blir nytta av både grunneigarane i Frafjord, Øvstabødalen og Espedalen. I tillegg vert det leigd ut sauebeite i delar av dei indre områda. I 2013 beitte om lag 10 000 sau og lam i Frafjordheiane.

Turisme

Stavanger turistforening har tre turisthytter i Frafjordheiane. Både dei ubetente hyttene Blåfjellenden og Sandvatn, og den sjølvbetente Langavatn, ligg i dei sentrale og austlege delane av området. I tillegg eig STF Flørlistølen som er låst, men som leigast ut. Det går fleire merkte turistløyper gjennom Frafjordheiane. Dei siste åra har dei tre opne turisthyttene i snitt hatt om lag 4 000 overnattingar til saman. Desse er fordelte på 600 i vintersesongen og 3 400 i sommarsesongen. I tillegg har Jæren Friluftsråd bygd opp ein turiststasjon i det gamle våningshuset på fjellgarden Mån. Her har det dei siste åra vore registrert om lag 1 000 overnattingar.

Dei ubetente turisthyttene Flørli og Børsteinen ligg rett på utsida av verneområdet, men besøkande på hyttene brukar i stor grad løypenettet inne i verneområdet. Flørli har dei siste åra hatt om lag 440 overnattingar i sommarsesongen, mens Børsteinen hatt om lag 450 overnattingar, fordelte på 100 i vintersesongen og 350 i sommarsesongen.

Fleire område i Frafjordheiane vert svært mykje brukte til dagsturar. Registreringar gjort i 2017 tyder på at så mange som 50 000 nyttar den merkte stien mellom Øygardsstøl og Kjerag. Jæren Friluftsråd reknar med at så mange som 120 000 besøker Månafossen kvart år, og om lag 20 000 av desse fortsett heilt inn til Mån. Ein god del ferdast også vidare inn Fidjadalen. Dei to hyttefelta i Øvstebøstølen og Futasete omfattar om lag 350 hytter, og genererer mykje dagsturtrafikk innover i Frafjordheiane. Røssdalen er òg eit mykje brukt dagsturområde, og registreringar frå år 2000 tyder på at om lag 1 500 tek turen innover dalen kvar sommar. Frafjordhatten og områda rundt er også eit populært mål for dagsturar.

Kjelder og vidare lesing

Verneforskrift

Forvaltningsplan på verneområdestyrets nettstad

Bjelland, T. og Ihlen, P.G. 2013. Naturfaglege kartleggingar i Frafjordheiane landskapsverneområde. Rådgivende Biologer AS, rapport 1735.

Fylkesmannen i Rogaland, 2001. Verneplan for Frafjordheiane.

Fylkesmannen i Rogaland, 2007. Forvaltningsplan for Frafjordheiane.

Hatleskog, S. og Rønningen, O. 1986. Livet på Mån i Fidjadalen ved århundreskiftet-intervju med Peder Østebø. Fylkesmannen i Rogaland, Arkeologisk Museum i Stavanger.

Haughom. 1994. Brukerinteresser og arealkonflikter i Frafjordheiane. Telemark distrikthøgskole.

Johnsen, J.I. 2000. Mosar notert og samla i samband med undersøkingar i Frafjordheiane, Gjesdal og Forsand kommune. Fylkesmannen i Rogaland.

Lie, A. 2010. Biologisk mangfold Hunnedalen-konsekvenser ved rassikringstiltak. Agder naturmuseum og botaniske hage.

Nielsen, T.R. 2000. Verneplanarbeid Frafjordheiane-kartlegging av insekter o.a. invertebrater i verneområdet år 2000. Fylkesmannen i Rogaland.

Roalkvam, R. 1979. Rapport frå zoologiske inventeringer i Frafjordheiene. Fylkesmannen i Rogaland.

Robberstad, K. og Lura, H. 2002. Vassdrag langs Lysefjorden (Rogaland)-samanstilling av kjende verneverdiar. Ambio Miljørådgivning AS.

Selvaag, S.K 2019. Brukerundersøkelse ved Kjerag sommer/høst 2017. NINA-rapport 1411.

Stavanger Turistforening 1987: Frafjordheiene. Nasjonalpark i Rogaland. STF Årbok 1986.

Steinnes, A. 1984. Flora, vegetasjon og botaniske verneverdiar i Frafjord-Espedal-området. Fylkesmannen i Rogaland.

Tysse, T. 2000. Rovfugl og lom i Frafjordheiane-en utredning i forbindelse med utarbeiding av verneplan. Fylkesmannen i Rogaland.

Tysse, T. 2000. Verne- og bevaringsverdiar i nedre del av Frafjordvassdraget. RC Consultants a.s.