1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Minneord – Bjørn Laugaland

Minneord – Bjørn Laugaland

Det var med stor sorg vi mottok beskjeden om at Bjørn Laugaland gjekk bort 16. desember.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Det var med stor sorg vi mottok beskjeden om at Bjørn Laugaland gjekk bort 16. desember.

Bjørn var ein kjær kollega for oss i verneområdestyret og forvaltningssekretariatet for SVR gjennom mange år

Da det første verneområdestyret for SVR vart konstituert våren 2011 vart Bjørn utpeikt som Hjelmeland kommune sin representant i styret. Da hadde han allereie lang fartstid i forvaltninga av Setesdal og Ryfylkeheiane. Først frå Hjelmeland kommune si lokale forvaltning frå sine verneområde, og deretter frå forsøksordninga med felles regional forvaltning av verneområda. Da eit nytt verneområdestyre for SVR vart oppnemnt i 2016, vart Bjørn valt til styreleiar. Dette var eit verv han hadde fram til 2022.

Bjørn var ein fjellets mann og hadde eit sterkt engasjement for heiområda våre. Han var godt kjent i verneområda og hadde gode kontaktar med andre heiafolk på begge sider av vasskiljet. Bjørn var og ein røynd politikar som viste når ein skulle ta opp kampen og når det var best å søke kompromiss. Alt dette var eigenskapar som gjorde Bjørn til ein markant og svært god styreleiar for SVR.

Vi som hadde gleda å arbeide saman med Bjørn vil og minnast han som eit varmt og omsorgsfullt menneskje. Han brydde seg om og støtta sine kollegar og møtte alle med respekt. Vi minnast og med glede styreturen i august da Bjørn tok oss med inn Jøsenfjorden til Førre, og vidare opp til sitt paradis i Glommedalen.

Bjørn var bygda og bygdefolkets talsmann, men han såg og vidt. Han meinte det måtte være plass til både reinsdyr, fotturistar og lokalbefolkning i heiane våre om ein gjorde det på rette måten. Derfor skulle vi så gjerne hatt han med vidare når nye problemstillingar kring bruk og vern av heiane våre må løysast.

Med Bjørn sin bortgang har Ryfylkeheiane mista sin beste mann, så nå er det opp til oss han har inspirert å føre arven vidare.

Så kvil i fred Bjørn. Tusen takk for innsatsen og alle dei gode minna. Våre tankar går til familien og nære vennar heime i Hjelmeland.

Verneområdestyret for SVR, Forvaltningssekretariatet for SVR