1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Ny nettside for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Ny nettside for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane har fått ei ny nettside som er særleg retta mot dei mange brukarane av desse heiene. Nettsida inneheld sjølvsagt informasjon om dei mange verneområda i desse heiane, men og opplysningar om turar, aktivitetar og opplevingar i dette unike område. På nettsida vil du og finne fleire nyinnspelte filmar […]
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane har fått ei ny nettside som er særleg retta mot dei mange brukarane av desse heiene.

Nettsida inneheld sjølvsagt informasjon om dei mange verneområda i desse heiane, men og opplysningar om turar, aktivitetar og opplevingar i dette unike område. På nettsida vil du og finne fleire nyinnspelte filmar frå verneområda. Nettsida har og ein fyldig omtale av villreinstamma i Setesdal- og Ryfylkeheiane, kva utfordringar den står overfor, samt arbeidet med avbøtande tiltak for å betre tilhøva for villreinen. Eit av måla for nettsida er og å halde brukarane av heiane oppdaterte på kva nytt som skjer knytt til forsking og forvaltning om villrein. Nettsida vart oppretta som eit samarbeidsprosjekt mellom verdiskapingsprosjektet «Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjellet» og Verneområdestyret for SVR, og det er verneområdestyret som vil stå for drifta av nettsida. Vår nettside hører til under Miljødirektoratet sin nettportal Norges nasjonalparker.