1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Holmavassåno biotopvernområde

Holmavassåno biotopvernområde

Holmavassåno biotopvernområde omfattar i hovudsak områda mellom Sandvatnet og Holmavatnet, nordaust i Suldal kommune. Biotopvernområdet blir dermed liggande som eit bindeledd og ein korridor mellom landskapsvernområda Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane og Dyraheio i sør og aust, og Kvanndalen landskapsvernområde i vest. Holmavassåno vart oppretta i 1997 og har eit areal på 23 km².
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Føremålet med vernet av Holmavassåno er å sikre viktige trekkvegar for villreinen i fjellområdet mellom Kvanndalen landskapsvernområde og Dyraheio landskapsvernområde.

Verneverdiane i Holmavassåno er såleis særleg knytte til området sin funksjon som trekk-korridor for villreinstamma i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane.

Om sommaren utgjer biotopvernområdet eit viktig bindeledd mellom områda i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Dyraheio landskapsvernområde og områda i Kvanndalen og Telemark. Både terrengformasjonar og forstyrringar frå menneskeleg aktivitet lengre vest, gjer Holmavassåno til ein naturleg trekkveg. Om vinteren nyttar villreinen isen på Holmavatnet.

Sjølv om trekkvegane i biotopvernområdet framleis blir nytta, er området hardt belasta av tekniske inngrep og menneskeleg aktivitet. Både turistløype, anleggsveg, reguleringsmagasin og kraftlinjer vil ha ein barriereeffekt. Dette kan vere ein medverkande årsak til at fostringsflokkane nesten ikkje har nytta desse områda om somrane dei siste 50 åra.

Plante- og dyreliv

Gravetjønnuten, som ligg sentralt i biotopvernområdet, er eit svært viktig vinterbeiteområde for villreinstamma i området. Både fostringsflokkar og bukkar trekk inn i området på seinhausten. Simlene trekk søraustover mot kalvingsplassane tidleg på våren, men ein del bukkar blir ståande att gjennom sommaren. Om hausten går det òg eit bukketrekk frå vest mot aust gjennom området.

Store delar av Holmavassåno biotopvernområde består av basalt og andre relativt harde vulkanske bergarter. I desse områda er vegetasjonen derfor relativt artsfattig og består av lite næringskrevjande arter. Toppen av Gravetjørnnuten består derimot av fyllitt, og i desse områda er vegetasjonen langt rikare.

Bruk i tidlegare tider

Holmavassåno biotopvernområde inneheld ei lang rekke automatisk freda kulturminne, samt nyare tids kulturminne med betydeleg verneverdi. Dette tyder på at området lenge har vore viktig i samband med jakt og fangst av villrein. Det er registrert steinalderlokalitetar nord i Sandvatnet, det ligg to dyregraver ved Naustdalen og enno ei dyregrav er demd ned i Sandvatnet. I området er det òg registrert fleire drifteleger som var i bruk frå slutten av 1700-talet. Ein av dei viktigaste ferdselsvegane mellom Telemark og Suldal gjekk òg gjennom området. Denne vegen mellom Flothyl og Roalkvam var mykje brukt fram til slutten av 1800-talet. I Naustdalen finn ein òg tuftene etter ei fjellstove som Rogaland Amt sette opp i 1830-åra.

Bruken i dag

Holmavassåno inngår i Sandvassbeitet, og har ei over 100 år gamal historie knytt til sommarbeite for sauedrift. I dag er Holmavassåno framleis eit viktig beiteområde for sau, og i 2013 beitte om lag 200 – 300 sau og lam i området.

Stavanger turistforening si hytte Holmevasshytta ligg på Fitjaflatene om lag 1 km aust for vernegrensa. Frå Holmevasshytta går turistruta gjennom verneområdet til Sandvatnet. Ei umerkt løype sørover til Sloaros går òg tvers gjennom verneområdet. Om vinteren går både den kvista ruta mellom Sloaros og Holmavasshytta, og den mellom Holmevasshytta og Bleskestadmoen, over isen på Holmavatnet. Den sistnemnde løypa går vidare gjennom verneområdet langs kraftlinjetrasèen og over isen på Sandvatnet til Sandvassdammen. Holmevasshytta har om lag 800 overnattingar i året, fordelte på 500 om sommaren og 300 om vinteren. På Sloaros er det om lag 700 overnattingar i året. Når det gjeld turistferdsel gjennom Holmavassåno, gjekk det i 2019 om lag 150 – 200 personar langs den umerkte turiststien om sommaren og om lag like mange følgde kvista løype om vinteren.
Det blir jakta villrein og småvilt i området, og det blir fiska både med stong og garn i Sandvatnet og Holmavatnet.