1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Hovden landskapsvernområde

Hovden landskapsvernområde

Hovden landskapsvernområde ligg i Bykle kommune, heilt nord i Setesdal. Verneområdet er på 59 km² og er med dette det minste landskapsvernområdet i SVR. Hovden landskapsvernområde ligg tett på dei store hytteområda på Hovden, og er eit viktig utfartsområde. I verneområdet ligg mellom anna Galten (1 295 moh.), som er eit populært turmål. Hovden landskapsvernområde er eit av dei få fjellområda i Agder med typisk viddepreg.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Hovden landskapsvernområde vart verna for å ta vare på store, samanhengande myrområde med mange ulike myrtypar. Her finn du også særmerkte spor frå siste istid med terrassar, morenar og daudisgroper. Daudisgroper er ei senking i landskapet som vart danna då isrestar vart grovne over og seinare smelta. Nokre daudisgroper er turre i botnen, men det er mest vanleg å sjå dei som små tjern eller med myr i botnen. Dei særprega landskapsformasjonane har stor verdi for undervisning og forsking.

Det er ikkje nokre store trugsmål knytte til myrområda og dei særprega landskapsformasjonane nemnde i verneføremålet. I Hovden landskapsvernområde har det blitt planta ein del grantre. I dag har desse trea blitt fjerna. Ettervekst vert fjerna manuelt.
Villrein er ikkje del av verneføremålet, men Hovden landskapsvernområde er viktig vinterbeiteområde for villrein. Her ligg også eit trekkområde mellom Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke villreinområde. Ferdsel frå hytteområda på Hovden samt biltrafikk på Rv9 gjer at villreinen i mindre grad nyttar desse trekkområda mellom aust- og vestheia.

Plante- og dyreliv

I Hovden landskapsvernområde varierer vegetasjonen frå rike bjørkeskogar til meir skrinne myrer og rabbar etter kvart som du kjem høgare opp i terrenget. Særleg langs bekkane er det ofte rike næringstilhøve for mange plantar. Søterot, kommuneblomen til Bykle kommune, finn du fleire stader i verneområdet.

Hovden landskapsvernområde har eit rikt dyre- og fugleliv. Her finn du mellom anna den einaste førekomsten av fjelljo i Agder. Lappsporv er også ein art du kan treffe på, ein art som ikkje er så vanleg å sjå andre stader i Agder. Andre karakteristiske fuglar er blåstrupe, dobbeltbekkasin og sivsporv. Det er også gode område for lirypa, sjølv om bestanden svingar mykje frå år til år.

Av dei større pattedyra finn du både rein og elg i verneområdet. Reinen høyrer til stamma i Setesdal Austhei villreinområde. I Hovden landskapsvernområde finn han gode vinterbeite med lavarter som kvitkrull og gulskinn, noko det generelt er lite av på austheia. I landskapsvernområdet ligg også viktige utvekslingsområde mot villreinområdet i Vest-Setesdal Ryfylke.

Les meir om villrein

Bruk i tidlegare tider

I Bykle var det med nokre opphald tamreindrift i perioden 1820 – 1978. Opphavleg starta det opp med samar som kom frå Helgeland og Jamtland og Vesterbotten i Sverige. Etter kvart tok bygdefolket over med hjelp av samar i heile reindriftstida. I Hovden landskapsvernområde finn ein framleis spor etter reindrifta. Mellom anna dei to hyttene ved Auversvatn og Hemlehytta. Frå 1979 fekk reinen i Setesdal Austhei status som villrein.
På mange av myrene vart det drive myrslått. Fôret som kunne hentast ut her var avgjerande for å halde liv i buskapen gjennom vinteren. Høyet vart gjerne samla i høybuer eller sett i stakk for sidan å bli køyrt heim med hest på vinteren.

Frå vikingtid og fram til mellomalderen var det stor jernindustri på Hovden. Restar etter dette i form av kolgroper og jernvinneanlegg er i dag automatisk freda kulturminne. Innanfor Hovden landskapsvernområde er det funne om lag 50 kolgroper og 15 jernvinneanlegg. Til jernproduksjonen gjekk det med mykje brensel, og dette har nok verka inn på korleis landskapet og vegetasjonen ser ut i dag.

Bruken i dag

Det vert preparert fleire skiløyper i Hovden landskapsvernområde. Av større arrangement, er turrennet Hovden Tour i mars månad og vintergolf. Traseen for Hovden Ultra går delvis innanfor Hovden landskapsvernområde.

Turisthytta Tjørnbrotbu ligg heilt sør i verneområdet. Frå denne går det merkt sommar- og vinterløype sørover til Berdalsbu eller vestover til Hovden. Nordover går løypa til Bjåen og vidare til Haukeliseter. Frå riksveg 9 og opp mot Galten går det grusveg. Vegen er stengd for allmenn ferdsel, men er likevel ein fin tur til fots eller på sykkel.

Om hausten vert det jakta både rype, rein og elg i Hovden landskapsvernområde. Det vert også halde jaktprøver og fuglehundkurs i området.