1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Kvanndalen landskapsvernområde

Kvanndalen landskapsvernområde

Kvanndalen landskapsvernområde ligg i Suldal kommune heilt nord mot grensa til Vestland og Telemark og Vestfold fylke. Verneområdet er på 84 km² og er med dette det nest minste landskapsvernområdet i SVR. Sjølv om Kvanndalen er eit naturleg midtpunkt, inneheld Kvanndalen landskapsvernområde mykje meir enn dalen som har gitt namn til området. Her finn vi også dei tre høgaste fjelltoppane i Rogaland (med Vassdalsegga på 1 658 moh. som den høgaste), ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og fangst av villrein.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Kvanndalen landskapsvernområde vart verna for å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv, verdifulle stølsområde og beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heiebeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet med vernet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei botaniske verneverdiane i Kvanndalen. Lokalitetane ligg ofte i bratte område slik at slitasje frå ferdsel eller beite av sau ikkje utgjer noko stort problem. Verneverdiane knytte til kulturlandskapet er truga av attgroing med bjørk og einer. Dette er særleg eit problem på stølsvollane og andre område under tregrensa.

Det er ikkje mogleg å peike på tilhøve med dagens bruk og ferdsel som utgjer alvorlege trugsmål mot Kvanndalen sin funksjon som leveområde for villreinstamma. Det er få tekniske inngrep og lite ferdsel i verneområdet.

Plante- og dyreliv

I Kvanndalen landskapsvernområde varierer vegetasjonen frå skrinne høgfjellsområde til frodige bjørkelier og stølsvollar. Nokre stader gir den næringsrike bergarten fylitt grunnlag for eit svært rikt planteliv. Desse rike lokalitetane er ein sentral verneverdi i Kvanndalen. Her kan du mellom anna finne ein liten bestand av bergjunker som berre veks på nokre få stader i landet utanom lokalitetane i Suldal og Hjelmeland. I tillegg er det registrert ei lang rekke sjeldne fjellplantar som mellom anna kvitkurle og grannsildre.

Kvanndalen har òg store verneverdiar knytte til funksjonen dalen har som leveområde for villreinstamma i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane. Det går eit viktig villreintrekk over Litledalsfleene mot Kistenutenden og over dalen til Djupetjørn. Dei høgareliggande områda i Kvanndalen landskapsvernområde brukast òg årvisst som både vinterbeite og sommarbeite av fleire større og mindre bukkeflokkar. Mindre bestandar av elg og hjort har fast tilhald i Kvanndalen.

Kvanndalen har eit svært rikt fugleliv. I tillegg til artane som er vanlege i fjellbjørkeskogen og høgheia i Rogaland, hekkar i tillegg meir sjeldne artar som blåstrupe, boltit, svartand og jaktfalk i Kvanndalen.

Les meir om villrein.

Bruk i tidlegare tider

Kvanndalen vart av mange rekna som den beste stølsdalen i Suldal. Mellom anna var det stordrift med leigegeiter her på 1920 og 1930-talet. Ein kan ennå finne spor etter 10-12 ulike stølar innover dalen, og sjølv om ikkje alle var i drift samtidig vitnar det om ei intensiv utnytting beiteressursane i dalen. I dag står det framleis bygningar på stølane Fleso, Hidlerberget, Svultanuten og Jensafet. Ved Bakkaleger og Torshidler kan du finne hidlerar som tidlegare vart brukt i samband med ferdsla gjennom dalen.

Kvanndalen vart av mange rekna som den beste stølsdalen i Suldal. Mellom anna var det stordrift med leigegeiter her på 1920 og 1930-talet. Ein kan ennå finne spor etter 10-12 ulike stølar innover dalen, og sjølv om ikkje alle var i drift samtidig vitnar det om ei intensiv utnytting beiteressursane i dalen. I dag står det framleis bygningar på stølane Fleso, Hidlerberget, Svultanuten og Jensafet. Ved Bakkaleger og Torshidler kan du finne hidlerar som tidlegare vart brukt i samband med ferdsla gjennom dalen.

Bruken i dag

Kvanndalen er framleis eit viktig beiteområde for sau, og i 2013 beitte om lag 800 dyr i området.

I dag har Stavanger turistforening ei turisthytte ved Svultanuten. Denne vart bygd så tidleg som i 1898. Frå denne går det turistruter ut til Kvanndalsdammen og Roalkvam, oppetter Kvanndalen til Haukeliseter og gjennom Skorpeskar til Sandvatn og vidare til Holmevasshytta eller Bleskestadmoen. Kvanndalshytta har om lag 130 overnattingar i året, og er mest brukt sommar og haust.

Kvanndalen har òg vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt. Det blir jakta elg og hjort kvart år i dei lågareliggande skogsområda, og i 2013 var det gitt 15 fellingsløyve for villrein. Det er òg ein del småviltjakt i Kvanndalen, samt at det er godt aurefiske i fleire av vatna og vassdraga i området.

Kjelder og vidare lesing

Verneforskrift på Lovdata

Forvaltningsplan på verneområdestyrets nettstad

Arkeologisk museum i Stavanger (1983a). Registreringar av arkeologiske kulturminne i Kvanndalen i tidsrommet 19- 24.06.83 og 31.07- 12.08.83. Stavanger

Arkeologisk museum i Stavanger (1983b). Registrering av etnologiske kulturminner i Kvanndalen i tidsrommene 21.- 24.06 og 29.-30.09.83 i samband med planar om vasskraftutbygging. Stavanger.

Bakka, Tryggve (1997).  Stadnamn, vegar og verksemd i Dyraheio. AmS-Varia 16

Bang-Andersen, Sveinung (1983).  Kulturminner i Dyraheio. AmS-Varia 12

Bang- Andersen, Sveinung (2004). Reinsdyrgraver i Setesdal Vesthei – analyse av gravenes beliggenhet, byggemåte og brukshistorie. AmS-Varia  40. Arkeologisk museum: Stavanger.

Bang- Andersen, Sveinung (2008). De første jegerne i Dyraheio – utnyttelsen av Setesdal Vesthei i steinalder ca 7000-3500 år før nåtid. AmS-Varia  48. Arkeologisk museum: Stavanger.

Brandal, Trygve og Tjeltveit, Njål (1996). Sau og hei. Sauehald og heiaføring i Ryfylke og på Haugalandet. Ryfylkemuseet.

Brandal, Trygve og Tjeltveit, Njål (1998). Geit og støl. Geitehald i Ryfylke og Nord-Rogaland. Ryfylkemuseet.

Foldøy, Oddveig (1988). Kvanndalen var ”den beste seterdalen” i Suldal. I Stavanger Turistforening, Velkommen til fjells. En håndbok for turer frå Haukeliseter i nord til Frafjord i sør.

Frøyland-Pallelsen, Per (1987). Kvanndalen. I Stavanger Turistforening, Geologi for fjellvandrere.

Fylkesmannen i Rogaland. Forvaltningsplan for Kvanndalen landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde og Holmavassåno Biotopvernområde i Suldal kommune, Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland (1993). Verneplan for Kvanndalen landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde og Holmavassåno biotopvernområde i Suldal kommune, Rogaland.

Meyer, Ole Berger og Astrid Botnen (1983.) Flora og vegetasjon i Kvanndalen, Suldal, indre Ryfylke. Botanisk institutt. Rapport 31. Universitetet i Bergen.

Odden, A (2021). Naturmangfald og kulturminne i Kvanndalen og Dyraheio landskapsvernområde. SVR-Notat 1-2021.

Prøsch- Danielsen, Lisbeth (1990). vegetasjonshistoriske studier frå Suldal og Sauda kommuner, Nord Rogaland. AmS- Rapport 2. Arkeologisk museum i Stavanger.

Solheim, Pedersen Einar (1982). Stølsbruket i heiene. I Hallandsvik, J.E. (red.) Boka om heiene. Grøndahl & Søn Forlag.

Steinnes, Audun (1988). Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rapport. 1988:12. Ås-NLH.

Strand, Olav m.fl (2012). Villreinens bruk av Setesdalsheiene. Sluttrapport fra GPS merkeprosjektet 2006–2010. NINA Rapport 694