1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Lusaheia landskapsvernområde

Lusaheia landskapsvernområde

Lusaheia landskapsvernområde ligg lengst aust i Hjelmeland kommune, og strekk seg heilt inn til grensa mot Agder fylke. Verneområdet er på 122 km² og vart oppretta i 1991. Mykje av Lusaheia er eit høgfjellsplatå som ligg mellom 1 000 og 1 100 moh. Her har isen gjort ein grundig jobb, og har etterlate seg eit landskap med mykje berrt fjell som mange stader er overstrødd med store og små flyttblokker. Namnet Lusaheia kjem truleg av dette karakteristiske naturfenomenet. Den grøne og frodige Storådalen deler høgfjellsområdet i to, og utgjer ein spanande kontrast til resten av verneområdet. Storådalen går i nordaustleg retning frå Nilsebuvatnet, og dalbotnen ligg om lag 800 moh.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Lusaheia landskapsvernområde vart verna for å ta vare på eit særmerkt og vakkert høgfjellslandskap som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.
Verneverdiane i Lusaheia er dermed særleg knytte til to tilhøve. Det eine er det særmerkte og relativt urørte høgfjellslandskapet ein finn i store delar av landskapsvernområdet, mens det andre er knytt til Lusaheia sin funksjon som leveområde for villreinstamma i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Nokre rike botaniske lokalitetar og dei mange kulturminna frå ferdsel, støling, drifteferdsel og jakt og fangst, er og viktige verneverdiar i Lusaheia.

Det er ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot verneverdiane som er knytte til landskapet. Landskapet er likevel noko påverka av tidlegare kraftutbygging, som mellom anna har ført med seg sterkt redusert vassføring i Storådalen. Det er heller ikkje tilhøve inne i sjølve Lusaheia som utgjer alvorlege trugsmål mot området sin funksjon som leveområde for villreinstamma. Kva som skjer lenger aust i trekk-korridoren mellom Blåsjø og Svartevassmagasinet, vil truleg ha langt større innverknad på i kor stor grad villreinen kjem til å nytte Lusaheia i tida framover.

Plante- og dyreliv

Store delar av Lusaheia landskapsvernområde består av skrinne høgfjellsområde der vegetasjonen består av lite næringskrevjande arter. Unnataket er nokre mindre område ved Skute der den næringsrike bergarten fylitt gir grunnlag for eit rikare planteliv. Her veks det mange vakre blomsterplantar som reinrose og bergveronika. I Storådalen, som er lunare og har meir lausmassar, er vegetasjonen frodigare. Her finn du ein spreidd fjellbjørkeskog, vierkratt og store område med frodig grasmark.

Det er godt med rovfugl i Lusaheia. Kongeørna seglar over landskapet, tårnfalken heng i lufta der han ser noko interessant og jaktfalken stuper gjennom lufta på jakt etter rype. I smågnagarår hekkar fjellvåken i dei bratte bergveggane i Storådalen. Elles er fuglelivet i Lusaheia som andre stader i Ryfylkeheiane, der rype, ramn og snøsporv er artar du kan møte på vandringa di.

Du vil ofte møte villreinen i Lusaheia. Om sommaren vil det helst vere mindre bukkeflokkar, men om vinteren beiter òg fostringsflokkane med simler og kalvar i området. I dag er det mykje mindre villrein i Lusaheia enn det var før dei store kraftutbyggingane på 1970- og 1980-talet. No utgjer Svartevassmagasinet og Blåsjø eit stort vandringshinder for villreintrekka ut til Lusaheia.

Les meir om villrein

Bruk i tidlegare tider

Lusaheia må ha vore mykje brukt til jakt og fangst av villrein i jarnalder og mellomalder. Særleg i områda ved Eidavatn kan du finne fleire oppmura bogestelle som vitnar om denne aktiviteten. Kjende jakthidlerar som Torbjørnsherberget og Jensahidleren er kulturminne frå villreinsjakta med gevær frå 1700-talet og fram mot vår tid.

I Lusaheia kan du òg finne mange hidlerar som vart brukte under leigegjetinga som var utbreidd i området fram til starten av 1900-talet. Dei mest kjende finn du ved Verhidler og Krumsåkvelven i Storådalen og ved Vassrau og Tyskebotn sør for dalen. I Storådalen var det òg stølsdrift ein kort periode på 1800-talet.

Ein av dei mest brukte ferdselsvegane mellom Ryfylke og Setesdalen gjekk gjennom Lusaheia. Denne starta ved Kleivaland eller Førre, og gjekk over Skute og Storsteinsheia fram til gardane Brottelid, Dysje og Brattland som ligg ved Botsvatnet i Bykle. I dag inngår store delar av denne ferdselsvegen i rutenettet til Stavanger turistforening, så om du har lyst på ei fjellvandring i fotefara til dei gamle fjellbøndene kan du sjå fram til ein minnerik tur.

Bruken i dag

Lusaheia er framleis eit viktig beiteområde for sau, og i 2013 beitte om lag 300 dyr i området.

Eidavatn, som tilhøyrer Stavanger turistforening, er den einaste turisthytta i Lusaheia. I tillegg går store delar av dei merkte turistløypene Eidavatn-Grasdalen, Eidavatn-Nilsebu og Eidavatn-Litle Aurådal gjennom verneområdet. Eidavatn har dei siste åra hatt om lag 210 overnattingar, fordelte på 10 i vintersesongen og 200 i sommarsesongen. Nilsebu turisthytte ligg rett på utsida av verneområdet, men besøkande på hytta brukar Lusaheia til dagsturar. Frå Nilsebu går det òg ei merkt løype fram til Litle Aurådal. Nilsebu har dei siste åra hatt om lag 850 overnattingar, fordelte på 350 i vintersesongen og 500 i sommarsesongen. Bruken av turisthyttene i Lusaheia ser ut til å ha vore relativt stabil dei siste 30 åra.

Lusaheia har vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt, men dei siste åra har det ikkje vore villreinsjakt på Hjelmeland statsallmenning. Småviltjakt på statsallmenningen har og vore freda i periodar. Det er òg godt aurefiske i fleire av vatna i Lusaheia, og i Eidavatnet kan du få gode fangstar med canadisk bekkerøye.