1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde

Med sine 2 345 km² er Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde (SVR) Noregs største verneområde sør for Haukelifjell. Med ei slik utstrekning finn du store variasjonar i geologi, flora og fauna. Med karrige, skrinne fjelltoppar i nord på 1 400 meters høgde, til lågareliggande skogområde lengre sør i verneområdet. SVR utgjer kjerneområdet til den sørlegaste villreinstamma i Europa, og husar ei stamme på kring 3 000 dyr. I SVR finn du eit godt utbygd løypenett sommar og vinter, samt ei rekke turisthytter. Utbygging av vasskraft har sett sitt preg på verneområdet. Likar du urørt natur, er det likevel mange plassar der heiane ligg slik dei har gjort sidan siste istid.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane (SVR) vart verna i år 2000 etter ein verneprosess der ulike verneformer og utstrekning hadde vore fremma. Føremålet med vernet er vidt og er knytt til ivaretaking av eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei- og fjellskogsområde. Området husar eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne. Sentralt i verneføremålet er å ta vare på eit samanhengande leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

Trugsmål mot dei botaniske verneverdiane er i første rekke knytt til attgroing, til dømes lokalitetar med solblom og handmarinøkkel. Beite frå sau bidreg mange stader til at fjellbjørkeskogen ikkje spreier seg vidare oppover i heia. Samstundes er beitetrykket nokre stader såpass høgt at det påverkar artsmangfaldet av plantar.

Mykje av kulturlandskapet i verneområdet finn du kring fjellgardar, støylsområde og driftelegre. Særleg under og like over tregrensa ser ein attgroing med bjørk og einer.
I verneområdet finn vi fleire hekkelokalitetar av rovfugl og ugler, til dømes kongeørn, jaktfalk, fjellvåk og hubro. Forstyrring kring leirplassane på våren kan vere særleg kritisk og med fare for at dei bryt av hekkinga.

Trugsmål og villrein

Det eksisterer ein del trugsmål mot funksjonen Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som leveområde for villreinstamma. Eit opplagt trugsmål er alle inngrepa i samband med kraftutbygging. Reguleringsmagasina har avgrensa kvar reinen kan trekke sommar og haust, og anleggsvegar, kraftverksinstallasjonar og kraftliner, fører med seg ferdsel og forstyrringar inn i dei allereie avgrensa trekk-korridorane.

Dei to fylkesvegane som er opne for vanleg biltrafikk sommar og haust, og ferdsel som kjem frå desse, har ein viss barriereeffekt. Dette er særleg merkbart ved Brokke – Suleskardvegen i tida rett før stenging om hausten, og rett etter opning om våren. Ferdsel på og ut frå anleggsvegen til Urevatn, er også truleg til hinder for at reinen kan trekke i dette området. Ferdsel etter turistløyper, og motorferdsel i samband med transport til stølar, driftehytter og turisthytter, kan føre med seg sporadisk forstyrring. Til saman er inngrep og forstyrringar mest truleg årsaka til at bruken til villreinen av viktige beiteområde er avgrensa, og at utvekslinga av dyr i nord og sør i områda langt på veg har stoppa opp dei siste åra.

Villreinen

Av omsyn til villreinen gjeld det nokre stader særskilde restriksjonar for ferdsel. I trekksona er ferdsel forbode f.o.m. 15. april t.o.m. 20. mai. I kalvingsområda er ferdsel forbode f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai. Forbodet gjeld ikkje om du følger veg eller merkt løype.

Meir info om villreinen finn du her.

Kart med ferdselsrestriksjonar (PDF)

Plante- og dyreliv

Står du på dei høgste nutane i SVR og ser utover, er det gjerne nakent fjell, myr, vatn, vierkratt og ur som dominerer synsranda. Det meste av berggrunnen er kalkfattig, og floraen kan ved første augekast sjå både einsformig og fattig ut. Men ser du nærmare etter, er det mykje spanande flora i desse heiane. Til saman er det registrert minst 335 forskjellige arter av blomsterplantar og bregnar. Nord i Bykle, på grensa mot Vinje, er det skiferfelt som gir gode vekstvilkår for meir næringskrevjande plantar. Reinrosa er ein av desse.

Flora

Fjellbjørkeskog

Sjå føre deg at du legg ut på vandring frå dei øvste gardane kring heia på veg til dei høgste nutane. I byrjinga er det gjerne fjellbjørka som dominerer med enkelte innslag av rogn og osp. I nokre parti med god tilgang på næring og vatn, høgreiste staudar. Etter kvart som du kjem ut av fjellbjørkeskogen kan du enkelte plassar finne meir frodige turt- og høgstaudelier. Turt er ein høgvaksen plante med lilla blomar. Dei saftige stilkane har god smak om våren og kan etast. Gullris og skogstorkenebb er også vanlege plantar i dette høgdelaget. Av dei meir sjeldne artane er solblom, som helst trivst der det vert drive slått og beite.

Molte finn du gjerne i overgangen mellom fjellbjørkeskogen og snaufjellet. Tidleg på sommaren kan gjerne moltemyrene stå kvite. Her har du mykje godt i vente om ikkje frosten eller regnvêret tek dei kvite blomane før dei har knytt seg.

Snaufjellet

Du bevegar deg så opp på snaufjellet, der mange av oss går og trør i små, anonyme plantar utan heilt å sjå dei. Ofte er det desse som utgjer hovudmengda av vegetasjonen. Typisk her er forskjellige lyngplantar som blåbær, tyttebær, greplyng, rypebær og krekling. Her finn du også mange siv- og starrartar. Smyle, myrull og finnskjegg må nemnast. Finnskjegg er eit seinveksande, stivt gras med lite næringsinnhald for beitedyr. Finnskjegg veks i tuer og er gjerne å sjå på nedlagde støylsvollar eller andre stader der det har vore mykje beitedyr. Tettegras er ingen rein fjellplante, men må nemnast likevel. Han har fiolett blome, og du finn han gjerne på turrare myr. Tettegras er ein kjøtetande plante. Små insekt set seg fast i det klissete slimet på blada og gir planten eit ekstra tilskot av næring. Dvergbjørk, ein mindre slektning av fjellbjørka, er også vanleg i dette høgdelaget. Enkelte plassar i høgheia ligg snøen langt utover sommaren. Her kan du ofte finne musøre, det minste treslaget vårt.

Den fleirårige urta søterot er vanleg fleire stader i verneområdet. Særleg nord i Bykle er det gode førekomstar av denne. Det er lange tradisjonar for å nytte søterot i folkemedisin og skolemedisin heilt opp til vår tid. Den har vore nytta både mot innvollsorm og fordøyingsproblem. Rota inneheld ei rekke bitterstoff som du raskt kjenner om du tygg henne.

Høgfjellet

Så står du blant nutane i dei høgste delane av heia kring 1100 – 1200 meter over havet. Mykje bert fjell, men også ei rekke plantar som klorar seg fast. Nokre liknar på grågrønt gras, som til dømes buefrytle. Ein annan plante som gjerne følger deg heilt til toppen, er mjukrapp som veks spreidd i små blågrøne tuer. Namnet har han fått sidan han er så mjuk å ta i. Fjellmarikåpe og rabbesiv er også vanleg å finne i dette høgdelaget.

Lav

Lav finn du i mange variantar i heia. Den består av ein sopp og ein alge som lever saman (symbiose). Soppen skaffar vatn og mineral, mens algen sørger for næring gjennom å drive fotosyntese. Det er vanleg å dele inn dei ulik lavartane ut i frå veksemåte; skorpelav, bladlav og busklav. Gulskinn, kvitkrull, kvit og grå reinlav høyrer til busklav. Desse er ein viktig del av vinterføda til reinen.

Fauna

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde er også leveområdet for ei rekke fuglar og pattedyr. Nokre har fast tilhald her, mens andre berre streifar innom.

Hjortedyr

Av dei store hjortedyra må reinen nemnast særskild. SVR utgjer kjerneområdet til den sørlegaste villreinstamma vi har i Noreg og Europa. Som fjellets nomade streifar den over store område på leit etter dei beste beita og dei vande kalvingsplassane. Ofte nyttar han faste trekkvegar mellom dei ulike områda. SVR ligg relativt nærme kysten, noko som verkar inn på livsvilkåra for villreinstamma. Det er knapt med gode vinterbeite med større samanhengande lavmatter. År om anna isar vinterbeita ned når det har vore mildvêr med påfølgjande kulde. Les meir om villrein

Elg og hjort har blitt stadig vanlegare å sjå i SVR. Særleg på seinsommaren og eit stykke ut på hausten finn dei gode beitetilhøve opp til 700 – 800 meters høgde. Fleire stader trekk dei også mellom dalføra når dei skiftar mellom vinterbeite og sommarbeite.

Rovvilt

Det er ingen av dei store rovdyra som har fast tilhald i verneområdet. Ulv og jerv kan frå tid om anna streife gjennom områda. Gaupa er meir vanleg, men likar seg helst i ulende skogområde ned mot bygdene der det er betre tilgang på yngleplassar og byttedyr (rådyr). Av dei mindre rovdyra er raudrev vanleg. Fjellrev kan førekomme, men ofte tapar han i konkurransen med raudrev. Snømus og røyskatt er vanlege mårdyr, mens måren helst er knytt til skogsbelta i ytterkantane av verneområdet.

Gnagarane

Bever, skogens byggmeister, kan du finne i mange av dei mindre vassdraga opp til 700 – 800 moh. Her nyttar han fjellbjørka og ei og anna osp til å bygge demningar og beverhytter. Beveren er eit nattdyr og er helst å sjå seint om kvelden eller tidleg om morgonen. Av gnagarar er lemen, markmus og klatremus dei mest vanlege, og nokre år kan det kry av desse. Smågnagarane er viktig mat for rovfuglane, og i smågnagarår aukar sjansen for at dei kan fø opp ungane.

Fisk

I mange av fjellvatna døydde auren ut som følge av sur nedbør. I dag er nedbøren mindre sur, i tillegg har mange vatn og vassdrag blitt kalka og det har blitt sett ut fisk. Fram til 2000-talet var det vanleg å sette ut bekkerøye. I dag er det aure som dominerer i vatna.

Fugl

Heiane utan fuglane ville vore ein stusseleg plass. Heiloen er ein trufast følgesvein for mange vandrarar. Med sin vemodige og enkle låt er han enkel å kjenne att. Av dei mindre fuglane er blåstrupe, steinskvett og heipipelerke vanlege å sjå. I tilknyting til vatn og vassdrag finn du ofte fossekall, samt vadarar som raudstilk og grønstilk. Svartand og storlom hekkar også sporadisk i verneområdet. Lirype er vanleg i heile fjellområdet, sjølv om bestanden har gått nedover dei seinare åra. På våren gjer steggane (hann-fuglane) mykje ut av seg når dei skal kapre dei beste hekkeplassane.

Opp under dei høgste og snauaste nutane kan du treffe på fjellrypa. Dette er ein litt mindre og gråare slektning av lirypa. Både fjellrypa og lirypa skiftar til kvit fjørdrakt på vinteren.

I verneområdet har ei rekke rovfuglar og ugler tilhald. Kanskje har du sett kongeørna der ho segler på stive venger høgt der oppe. Eller jaktfalken i stup etter ei rype på bakken. Somme stader hekkar også fjellvåken. Uglene er som oftast nattaktive og gjer lite ut av seg på dagtid. Jordugle er vanleg, mens hubroen, den største ugla vår, hekkar sporadisk. Felles for alle rovfuglane er at dei er skye for menneske og at vellukka hekking som oftast skjer i år med god tilgang på smågnagarar.

Så må vi til sist nemne renovatørane i fjellet. Kråke og ramn kjem ofte vinglande over heiane på jakt etter alt som ser ut som det er etande. Finn dei kadaver etter større dyr som har stroke med, har dei gode dagar.

Bruk i tidlegare tider

Landskapsvernområdet er rikt på kulturminne etter støylsdrift, slått og drifteferdsel frå 1700-talet og framover. Fjellgarden Pytten i Bygland er den einaste garden som framleis er i drift. Her var det fast busetting fram til 1950-talet. Garden har særlege verneverdiar knytte til både bygningar og kulturlandskap.

Går ein endå lengre attende i historia, finn ein automatisk freda kulturminne i form av steinalderbuplassar, samt dyregraver og bogestelle nytta i samband med fangst av rein. Områda ved Storhedder og Gyvatn i Bykle peikar seg ut med mange slike kulturminne.

Fram til godt ut på 1900-talet var det ferdsel over heiane som batt dalføra og bygdene i hop. Fleire ferdselsvegar mellom aust og vest vitnar om dette. Ein viktig handelsveg, Skinnvegen, gjekk mellom garden Åmli i Valle og Lysefjorden i Sandnes. Namnet Skinnvegen kjem frå den tida skattane vart betalte i huder og skinn. Setesdølane måtte dra til bispesetet i Stavanger for å levere det dei vart kravde for.

På byrjinga av 1900-talet kjøpte oslomannen Thorvald Meyer Heiberg opp store fjellområde både i Setesdal og Ryfylke. Han sette opp kring 30 jakthytter i desse fjellområda, der han dreiv utleige av reinsjakt og rypejakt til betalingsviljuge europearar. Heiberg åtte eigedomen fram til 1943, då han vart seld til Quisling og Nasjonal Samling. Fjellområdet gav han det norrøne namnet Njardarheim. Frå 1945 var det den norske staten som tok over eigedomen, og han vert i dag forvalta av Statskog. Fleire av dei gamle jakthyttene står framleis i fjellheimen, mellom anna Bossfjellhytta vest for Rosskreppfjorden og Sigurdsheller ved Øyarvatn i Sirdal.

Bruken i dag

Landskapsvernområdet er sterkt prega av inngrep frå kraftutbygging i form av vegar, demningar, reguleringsmagasin og kraftliner. Sommaropen veg Brokke – Suleskard går gjennom verneområdet. Vegen vart opphavleg bygd som anleggsveg frå Suleskard og fram til Rosskreppfjorden. På byrjinga av 1990-talet vart han vidareført til Brokke i Setesdal. Årleg er det kring 70 000 køyretøy som passerer på vegen. Vegen er vinterstengd mellom 1. november og 20. mai.

Landskapsvernområdet er særs viktige beiteområde for sau. Nokre kjem frå gardsbruka frå bygdene kring heia, men den største mengda kjem frå gardsbruk på Jæren i Rogaland.

SVR har alltid vore viktige område for storvilt- og småviltjakt. Ein del grunneigarar jaktar sjølv, men det er elles lang tradisjon for å leige ut til rypejakt og reinsjakt. Statskog, som er største grunneigar, leiger ut reinsjakt og rypejakt på mest heile arealet. I mange vatn og vassdrag er det etter kvart blitt gode bestandar av fjellaure, og det er mogleg å kjøpe fiskekort for mange av vatna.

Stavanger turistforening og DNT sør har til saman 18 turisthytter i verneområdet, og eit godt utbygd løypenett knyt desse i hop. Dei viktigaste innfallsportane er Berg og Hovden i Setesdal, Bortelid og Ljosland i Åseral, Kvinen i Sirdal samt Haukeliseter. Mange startar også turen med utgangspunkt i vegen Brokke – Suleskard.

Det er fleire større hytteområde nær opp til landskapsvernområdet. Frå fleire av desse vert det preparert skiløyper inn i verneområdet.