1. Heim
  2. Villrein
  3. Om villrein

Om villrein

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Historie

Villreinen har vore i landet sidan innlandsisen trekte seg attende for om lag 10 000 år sidan. Med reinsdyra følgde menneska. Mindre grupper tok seg innover i landet for å jakte rein. Frå reinen fekk dei mykje av det dei trong av mat, klede og reiskap. Dyra vart jakta med enkle metodar. Det vart bygd fangstgroper og bogestø. Dyra vart jaga utfor stup eller på vatn. Jegerane lærte seg reinen sine trekkvegar og kva delar av heia dyra nytta gjennom året.

Levevis

Villreinen lever i snaufjellet, men i periodar kan han også trekke ned i skogsbeltet på leit etter føde. I motsetnad til dei andre hjortedyra i Noreg er villreinen eit typisk flokkdyr. I flokken er det fleire til å vakte medan dei andre et. Villreinen har eit nomadisk levesett der han vandrar over store område på leit etter dei beste beita og dei gode kalvingsplassane.

Villreinen er særs godt tilpassa eit liv i eit karrig høgfjell. Vinterpelsen er tjukk og kraftig, og isolerer godt mot nedbør og kulde. Klauvene er breie og skålforma, og fungerer nesten som truger. Dei er godt eigna til å grave fram mat under snøen, og dei gir godt fråspark når dyra legg på sym over vatn. Hjå villreinen har både hanndyra (bukk) og hodyra (simle) gevir. Simlene ber geviret heilt fram til kalvinga på våren. Dette gir ho høgare status i flokken når dei kjempar om dei beste beitene om vinteren. Luktesansen er særleg godt utvikla hjå villreinen. Denne er viktig både for å lukte farar og for å finne beiteplantar djupt under snøen.

Villreinen er avhengig av å legge seg opp feittreservar i sommarhalvåret. Særleg gjeld det simlene som skal bere fram kalv. Viktige beiteplantar er til dømes ulike vierarter, grasarter, starr, gullris og geitrams. Om hausten kan han ofte trekke ned i skogbeltet på leiting etter sopp. Om vinteren går villreinen på sparebluss og tærer på energireservane dei har bygd opp. Då er det som oftast lav som dominerer dietten.

Tusen av år med jakt har gjort at villreinen skyr stader der folk ferdast. Han trekker alltid mot vinden, og kan ofte lukte deg før du ser han.

Villreinen sin naturlege frykt for menneske, og trongen for å nytte ulike delar av heia gjennom året, er viktig for å forstå trugsmåla villreinen står ovanfor.

Kjelde: www.villrein.no