1. Heim
  2. Villrein
  3. Setesdal Ryfylke villreinområde

Setesdal Ryfylke villreinområde

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Eit utfordrande leveområde

Med nærleiken sin til kysten er Setesdal Ryfylke villreinområde påverka av mykje fuktig vêr. Dette gjer at det er lite typiske vinterbeiteområde med store lavmatter. Samanlikna med andre villreinområde må derfor villreinen gjennom vinteren også nytte alternative beiteplantar som skorpelav og bladlav som veks på steinar og tre. Slik føde kan tære hardt på tannsettet. Store snømengder i dei nordvestre delane av villreinområdet kan også gjere tilgangen på beite vanskeleg. Kring Blåsjø er det ikkje uvanleg med 4 meter snødjupne.

Med mykje fuktig vêr, og temperatur som skiftar mellom tining og frost, isar år om anna vinterbeita ned. I slike vintrar er villreinen i Setesdal Ryfylke avhengig av å trekke ut i lågareliggande område for å finne beite. Vinteren 2020 var særleg kritisk. Då låg beita i dei høgareliggande områda under eit ispanser store delar av vinteren.

Setesdal Ryfylke er prega av dei store vasskraftutbyggingane, med fleire store reguleringsmagasin, anleggsvegar og dammar og kraftliner. Som følge av dette er mange av dei gamle trekkvegane for villreinen demde ned, noko som har gjort det vanskeleg for villreinen å trekke mellom ulike sesongbeite og kalvingsområde.