1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Hugs på droneforbodet!

Hugs på droneforbodet!

Hugs at det ikkje er alle stader som er like egna for droneflyging. Er du usikker på korleis droneregla som gjelder i våre verneområda? Ta ein titt her!
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Ikkje alle stader er like egna for droneflyging! Film frå Miljødirektoratet.

I Frafjordheiane landskapsvernområde og Lislevatn naturreservat er det forbod mot å fly dronar utan særskilt løyve frå vernemyndigheita. Dette av omsyn til dyrelivet, friluftsliv og forstyrringar. For Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane landskapsvernområde er det ingen særskilte restriksjonar, men det skal likevel tas omsyn til viltet, beitedyra og fotturistane.

Lusaheia landskapsvernområde, Vormedalsheia landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde, Kvanndalen landskapsvernområde, Hovden landskapsvernområde, Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde, Øyastøl naturreservat, Hisdal naturreservat, Vidmyr naturreservat og Holmavassåno biotopvernområde, har heller ingen restriksjonar når det kjem til dronebruk.

For Ørestø naturreservat, Migaren naturreservat, Nordraheia naturreservat og Ljosådalen naturreservat er dyre- og fuglelivet verna mot forstyrring. Her må du kontakte vernemyndigheita før ein eventuell flyging.

Hugs på at du har eit eige ansvar på å sjekke verneforskrifta, saman med de generelle reglane for dronebruk, før du dreg opp dronen. Me har likevel prøvd å hjelpa deg så godt me kan, og i områder der droneforbodet gjelder, vil dykk kunne sjå skilt som dette: