1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Dyraheio landskapsvernområde

Dyraheio landskapsvernområde

Villfjellet var namnet dei første fotturistane gav dette utilgjengelege og ville høgfjellområdet mellom Suldal og Bykle. Lokalbefolkninga var mindre dramatiske i namnsettinga si. For dei hadde området vore staden der dei kunne spe på matforsyninga med reinsdyrkjøt, og namnet Dyraheio må ha vore eit naturleg val. I desse områda var villreinsjakta viktig, og med nemninga «dyr» sikta ein til villrein. Det som etter vernet i 1997 vart Dyraheio landskapsvernområde, ligg i Suldal kommune og har eit areal på 307 km².
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Dyraheio landskapsvernområde vart verna for å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv, verdifulle stølsområde og beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heiebeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet med vernet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei botaniske verneverdiane i Dyraheio. Lokalitetane ligg ofte i bratte område slik at slitasje frå ferdsel eller beite av sau utgjer eit avgrensa problem. Verneverdiane knytte til kulturlandskapet er truga av attgroing med bjørk og einer. Dette er særleg eit problem på stølsvollane og andre område under tregrensa.

Det er ikkje mogleg å peike på tilhøve med dagens bruk og ferdsel som utgjer alvorlege trugsmål mot funksjonen Dyraheio har som leveområde for villreinstamma. Det er likevel tekniske inngrep som skapar vandringshinder, og noko ferdsel og motorisert ferdsel som fører med seg noko forstyrring av villreinen.

Plante- og dyreliv

Plantelivet i Dyraheio landskapsvernområde er variert, og talet på ulike karplantar som veks her er relativt høgt. Over store delar av området er vegetasjonen skrinn og relativt artsfattig, men det finst også område som er heilt eineståande frodige og har stor artsrikdom. Denne blomsterprakta skyldast den næringsrike bergarten fylitt. Særleg verdifulle er dei rike lokalitetane i Stranddalen, Raudnuten, Hognsnuten og Meiadalen. På desse stadene finn ein mellom anna bergjunker som berre veks på nokre få stader i landet utanom lokalitetane i Suldal og Hjelmeland, og store område som er dekte av den vakre reinrosa.

Dyraheio har eit rikt dyreliv. Her finn ein ei lang rekke arter med fuglar og pattedyr som er med på å gi liv til fjellandskapet. Artene er langt på veg dei same som ein finn elles i Ryfylkeheiane, men som namnet seier kan ein ofte møte på villrein. Dei sentrale delane av Dyraheio blir årvisst brukte til både sommarbeite og vinterbeite av villreinstamma. I vintrar med særleg mykje snø eller nedising av beita i høgheia, kjem villreinen heilt ned i bjørkeskogen for å beite.

Mange rovfuglarter har fast tilhald i Dyraheio. I skogsområda er dvergfalk den mest vanlege rovfuglen, men i høgheia er kongeørna oftast å sjå. Tårnfalk er også eit vanleg innslag, og den meir sjeldne jaktfalken hekkar også fleire stader i Dyraheio. Fjellvåk hekkar regelmessig i Dyraheio, og i gode smågnagarår kan fjellvåk vere eit ganske vanleg syn.

Les meir om villrein

Bruk i tidlegare tider

Dyraheio har vore utnytta av menneske sidan jernalderen til stølsdrift, ferdsel, jakt og fangst. Denne verksemda har etterlate seg mange kulturminne. På mange av stølsvollane kan ein sjå omrisset av eldgamle hustufter. På kryss og tvers går det rekker med mosegrodde nøddingar og vardar som viser beste vegen gjennom det opprivne fjellterrenget. Dette er minnesmerke frå den omfattande ferdselen over fjellet mellom Suldal og Bykle. Langs desse vegane ligg det og mange hidlerar, der ein har mura opp ein levegg under ei steinblokk eller eit framspring i fjellet. Her kunne jegerar eller ferdafolk finne litt ly mot vind og regn.

Jakt og fangst av villrein i jernalder og mellomalder har også sett mange spor etter seg. Innanfor grensene til Dyraheio landskapsvernområde er det registrert fleire bogestelle og fire dyregraver. Ein kan òg finne seks jordhytter i verneområdet. Dette er små bygningar på 5 – 10m² med veggar av stein som er delvis grovne inn i ein jordbakke. Desse vart sette opp på 1800-talet og vart mest brukte under villreinsjakta.

Bruken i dag

Dyraheio er eit viktig beiteområde for sau, og i 2013 beitte om lag 3 000 dyr i området.

I dag har Stavanger turistforening framleis ei omfattande verksemd i Dyraheio. Dei har eit godt utbygd rutenett og sjølvbeteningshytter ved Krossvatn, Jonstøl og på Bleskestadmoen. I Stranddalen er det bygd opp eit moderne turistanlegg som er betent i sommarsesongen. Turisthyttene i Dyraheio hadde til saman 4 600 overnattingar i 2019. I tillegg kjem mange som nyttar Dyraheio til dagsturar. Toppar som Såta og Snønuten er godt besøkte både sommar og vinter, og om lag 2 000 menneske tek turen inn til Stranddalen for å sjå på det rike plantelivet eller for å få seg ein komlemiddag.

Suldal fjellstyre har òg tre hytter som blir mest brukte under jakta. Desse hyttene har til saman om lag 300 overnattingar i året.

Dyraheio har alltid vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt. Det blir jakta elg og hjort kvart år i dei lågareliggande skogsområda, og i 2013 vart det gitt om lag 100 fellingsløyve for villrein. Det er òg ein del småviltjakt i Dyraheio. Det er godt aurefiske i fleire av vatna og vassdraga i området.

Kjelder og vidare lesing

Verneforskrift på Lovdata

Forvaltningsplan på verneområdestyrets nettstad

Bakka, Tryggve (1997).  Stadnamn, vegar og verksemd i Dyraheio. AmS-Varia 16

Bang-Andersen, Sveinung (1983).  Kulturminner i Dyraheio. AmS-Varia 12

Bang- Andersen, Sveinung (2004). Reinsdyrgraver i Setesdal Vesthei – analyse av gravenes beliggenhet, byggemåte og brukshistorie. AmS-Varia  40. Arkeologisk museum: Stavanger.

Bang- Andersen, Sveinung (2008). De første jegerne i Dyraheio – utnyttelsen av Setesdal Vesthei i steinalder ca 7000-3500 år før nåtid. AmS-Varia  48. Arkeologisk museum: Stavanger.

Brandal, Trygve og Tjeltveit, Njål (1996). Sau og hei. Sauehald og heiaføring i Ryfylke og på Haugalandet. Ryfylkemuseet.

Brandal, Trygve og Tjeltveit, Njål (1998). Geit og støl. Geitehald i Ryfylke og Nord-Rogaland. Ryfylkemuseet.

Fylkesmannen i Rogaland (1993). Verneplan for Kvanndalen landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde og Holmavassåno biotopvernområde i Suldal kommune, Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland. Forvaltningsplan for Kvanndalen landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde og Holmavassåno Biotopvernområde i Suldal kommune, Rogaland.

Gleditsch, Kristen (1916).  Fra Suldals- og Bykleheiene.  Stavanger turistforening årbok 1915-16.

Gleditsch, Kristen (1926).  Nasjonalpark. Fredlyst almenning i Suldals-Bykle-heiene.  Stavanger turistforening årbok 1926

Hellemo, Lars (1985).  Frå torvskurd til tingsal. Ryfylkemuseet/Dreyer bok

Hoftun, Halvard (1981). Suldal kultursoge. Suldal kommune

Odden, A (2021). Naturmangfald og kulturminne i Kvanndalen og Dyraheio landskapsvernområde. SVR-Notat 1-2021.

Steinnes, Audun (1988). Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rapport. 1988:12. Ås-NLH.

Strand, Olav m.fl (2012). Villreinens bruk av Setesdalsheiene. Sluttrapport fra GPS merkeprosjektet 2006–2010. NINA Rapport 694