1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde

Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde

I Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde møtest ny og gammal tid på dramatisk vis. Dalføret mellom Botsvatn og Storevassdammen i Bykle skjer seg gjennom landskapet med ruvande toppar på kvar side. Her ligg spor etter dyregraver og gardar som i dag er fråflytte. Samstundes vitnar to større kraftliner og Storevassdammen om at heia i dag er viktig for kraftproduksjon.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde vart verna for å sikre eit særs viktig heilårs leveområde for villrein, med trekkvegar og kalvingsområde. Vest i verneområdet ligg ein av dei få attverande plassane der villreinen kan trekke mellom nord- og sørområda i Setesdal Ryfylke villreinområde.

Trass i dei strenge ferdselsrestriksjonane har trekkvegen aust for Storevassdammen vore lite nytta av villreinen dei siste åra. Området der villreinen kan trekke igjennom er særs avgrensa som følge av inngrep frå kraftutbygginga. Dei attverande korridorane er såleis særs sårbare for forstyrring. Det er relativt lite ferdsel i området, men det kan likevel vere nok til at villreinen ikkje vil trekke gjennom området. Inngrep og ferdsel lengre nordaust mot Store Urevatn kan også verke inn ved at færre dyr kjem inn mot trekksona i biotopvernområdet.

Kring garden Brotteli finn ein fleire kulturavhengige plantar. Fleire av desse er på retur som følge av mindre beite og slått.

Om område

Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde (biotopvernområdet) vart oppretta i år 2000 samstundes med oppretting av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Heile verneområdet er på 36,3 km² og ligg i sin heilskap i Bykle kommune.

I biotopvernområdet ligg det viktige trekkområde og kalvingsområde for villrein. Det gjeld derfor særskilde ferdselsrestriksjonar for biotopverneområdet.

Kart med ferdselsrestriksjonar (PDF)

Plante- og dyreliv

I dei frodige liene kring Botsvatn er det vanleg å sjå både hjort og elg. På vårparten kjem dei ofte inn på kulturmarka kring gardsbygningane på Brotteli og Dysje for å ete på groen. Villreinen kryssar frå tid om anna i Steinsbuskardet, men til vanleg er han helst å sjå på kantane nord og sør for dalføret.

I tida kring kalving trekk mange reinsimler til kalvingsområdet aust i biotopvernområdet og mot Hisdal.

Liene kring Botsvatn, og dalføret vestover mot Storvassdammen, har eit rikt fugleliv. Av dei større rovfuglane bør kongeørna nemnast særskild. Andre typiske arter er lirype, raudstilk, heilo, blåstrupe, lauvsongar, steinskvett og heipiplerke. På dei høgste og snauaste nutane over dalføret held fjellrypa til. I dei lågareliggande områda aust i biotopvernområdet og vidare inn mot Hisdal er det vanleg å sjå både storfugl og orrfugl.

Dei mest frodige områda finn du kring Botsvatn med enkelte innslag av bjørkeskog med høgstaude. Kring Brotteli er det førekomst av mjukrapp, tuesildre og fjelltiriltunge. Andre stader finn du til dømes bergfrue, bekkesildre, fjellgullris, kvitkurle, fjellsoleie, fjellbunke og fjellkvein. Fleire vierartar er også vanlege, som lappvier og ullvier. Så må vi ikkje gløyme molte som trivest godt på myr og i dei fuktige draga.

Bruk i tidlegare tider

På grunn av området si sentrale lokalisering i høve til villreintrekk har området vore nytta til jakt og fangst sidan steinalderen. Namn som Dyrskard og Dyrestigen vitnar om dette. Innanfor vernegrensa er det registrert ein steinalderbuplass og fire dyregraver ved Vestre Gyvatn. Kring Botsvatn er det gjort arkeologiske funn som tyder på busetting heilt frå tida 2000 – 3000 år f.Kr.

I dalføret gjekk også ein viktig handels- og drifteveg mellom Bykle i Setesdal og Førre ved Jøsenfjorden i Ryfylke. Nokre stader kan du framleis sjå spor etter denne.

Ved Botsvatn låg det fleire gardar med busetting. Fleire av desse vart demde ned som følge av reguleringa av Botsvatn i 1978. Lengst inn i enden av Botsvatn, Botnen, ligg den veglause garden Brotteli. Her var det busetting alt frå mellomalderen og fram til 1955. Garden ligg avsølt til og mest utan sol halve året. Veksttilhøva var likevel gode når sola først kom. Her vart det dyrka korn, og bærbuskar som rips, stikkelsbær og solbær gav viktig tilskot i kosthaldet. På byrjinga av 1900-talet var det både ysteri og turiststasjon på garden. Frå 1907 har heile garden vore ein del av Njardarheim, som er eigd og forvalta av Statskog.

I dag står det att to bygningar på garden. Setehuset vart restaurert på 80-talet og er framleis i rimeleg bra stand. Det står også eit våningshus med løe og påbygd fjøs og drengerom. Her er dei eldste stokkane frå 1759. Bygningen er skrøpeleg og står i dag mest av gamal vane.

Bruken i dag

Biotopvernområdet er sterkt prega av inngrep frå kraftutbygginga. I vest ligg den 90 meter høge og 1,4 kilometer lange Storevassdammen på Blåsjø. Både dammen og Blåsjø er særs dominerande element i landskapet. Gjennom heile verneområdet går to større kraftliner. I aust ligg Botsvatn med ei reguleringshøgde på 66 meter. Frå vest går det ein anleggsveg inn til Storevassdammen.

I biotopvernområdet har Statskog to hytter ved Vestre Gyvatn og Stakkeslåtta ved Botsvatn. Stakkeslåtta vert leigd ut i samband med jakt.

Turistforeininga si merkte løype mellom Storsteinen og Hovatn kryssar heilt vest i biotopvernområdet.

Ferdselsforbodet gjeld ikkje så lenge du følger den merkte løypa eller anleggsvegen inn til Storevassdammen. Merkt turistløype mellom Viki ved Botsvatn og Sandvasshytta kryssar også gjennom søraustleg del av verneområdet. Turistløypa er relativt lite nytta.

Kjelder og vidare lesing

Verneforskrift på Lovdata

Forvaltningsplan på verneområdestyrets nettstad

Kulturminnesøk frå Riksantikvaren: Kulturminnesøk

Forprosjekt. Brotteli i Bykle kommune – ein stad for ferdafolk før og framover. Bykle kommune. Statskog 1999.