1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Vormedalsheia landskapsvernområde

Vormedalsheia landskapsvernområde

Vormedalsheia landskapsvernområde ligg på sørsida av dei inste delane av Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune. Landskapsvernområdet strekk seg dermed frå fjøresteinane i Jøsenfjorden og dalbotnen i Førre gjennom bratte skoglier og heilt opp til høgfjellsområdet ved Brendeknutane 1 135 moh. Verneområdet er på 120 km², og vart oppretta i 1991.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Bakgrunn for vernet og trugsmål

Vormedalsheia landskapsvernområde vart oppretta for å ta vare på eit særmerkt og vakkert landskap som gir eit godt tverrsnitt av Ryfylkenaturen frå fjord til høgfjell, og som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement. Verneverdiane i Vormedalsheia er dermed særleg knytte til to tilhøve. Det eine er det varierte og særmerkte landskapet med mellom anna fleire vakre stølsområde, mens det andre er knytt til sjeldne og sårbare naturelement som område med heilt unik flora og nemnde fossil-lokalitet.

I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei geologiske verneverdiane i Vormedalsheia. Etter kvart som Ritlandskrateret blir meir kjent vil ein kunne forvente auka ferdsel, og ein må passe på at ikkje fossiljegerar gjer skade. Det er heller ingen opplagte trugsmål mot dei rike botaniske områda i høgheia. Beitetrykket frå sau ligg truleg på eit akseptabelt nivå, og attgroing er heller ikkje noko stort trugsmål så langt over tregrensa. Stølsområda som ligg under tregrensa er derimot sterkt truga av attgroing. På dei gamle stølsvollane er det store oppslag av bjørk og einer, og gamle ferdselsvegar gror att.

Geologi

Naturen i Vormedalsheia er svært vakkert og variert, og inneheld det meste av det vestlandsnaturen har å by på. Særleg geologien er bakgrunnen for fleire av dei mest særmerkte og spanande naturelementa i Vormedalsheia. I Ritlandskrateret finn vi spora etter eit av dei svært få meteorittnedslaga i fastlands-Noreg, og i skiferlaga i krateret kan du finne fossila etter førhistoriske sjødyr. Du kan òg besøke Trollgarden som ligg sør for Kvivatna. Trollgarden er ein 4 – 5 meter høg og 2 kilometer lang morenerygg som vart danna av ein breframstøyt på slutten av siste istida. Namnet kjem av at ein for lenge sidan trudde at trolla hadde brukt steinane som gjerde.

Plante- og dyreliv

I Vormedalsheia finn ein fleire fjellområde med svært rikt planteliv og arter som er sjeldne også i nasjonal målestokk. Dei viktigaste områda er Skardheia, Austmannahovudet, Stropastøl og Grånibba-Brendeknutane. Her veks mellom anna norsk malurt, skredmjelt og bergjunker, og mange fjellplantar som har sørgrensa si i desse lokalitetane. Skredmjelt veks berre to stader i landet, og den eine av desse ligg i Vormedalsheia. Norsk malurt og bergjunker har Vormedalsheia som ein av sine svært få veksestader i landet. Andre sjeldne arter som veks i Vormedalsheia er mellom anna fjellnøkleblom, engbakkesøte, snømure, nebbstarr og jøkulstarr.

Fuglelivet i Vormedalsheia er ganske rikt. I ei undersøking i områda ved Funningsland vart det påvist 83 ulike arter. Rovfuglarter som hønsehauk, kongeørn, fjellvåk og hubro hekkar av og til i Vormedalsheia.

Du kan vere så heldig å treffe på alle dei fire norske hjortedyrartane i Vormedalsheia. Hjorten har kalvingsområde og sommarbeite ved Nordstølshei, og er observert i Kvanndal og ved Stakkstøl. Rådyr har heilårsområde utanfor landskapsvernområdet, men er observert heilt inne ved Trollgarden. Av elg er det ein fast stamme i dei vestlege delane av Vormedalsheia. Dei siste åra har det vore villrein i Vormedalsheia mest kvar vinter. Dette er helst småflokkar med bukk. Desse held ofte til ved Brendeknutane og på Frigardsheia, men er òg observerte ned mot bjørkeskogen fleire stader. Før kraftutbyggingane var Vormedalsheia eit viktig beiteområde for villreinen seinvinter og vår. Somme flokkar heldt òg til i Vormedalsheia, og så seint som på 1990-talet var det årviss kalving i området.

Les meir om villrein

Bruk i tidlegare tider

Husvær

Vormedalsheia er rik på kulturminne etter busetting og stølsdrift frå 1700-talet og framover. Rett utanfor landskapsvernområdet ligg ei rekke gardar. Ved Øvre Tysdalsvatn ligg Trodla-Tysdal, der det bur folk i dag. Det har vore fleire husmannsplassar under Trodla-Tysdal. Innanfor verneområdet på nordsida av Tusso ser ein tufter etter husmannsplassen Grovene. Midtvegs opp i Norddalen ligg garden Tengesdal som vart fråflytta på slutten av 1800-talet. Frå Trodla-Tysdal og opp til Tengedalsvatnet går det ein gammal veg. Vegen vart rydda og mura opp omkring 1820, og er framleis godt synleg.

Sørvest for Vormedalsheia ligg tre gardar; Kløv, Helgaland og Ritland. Gardane vart fråflytta om lag år 1960. Desse gardane er viktige element i kulturlandskapet, og har påverka og forma landskapet rundt. På sørsida av Jøsenfjorden finn ein spor etter husmannsplassane Gåsnes og Galgehaugen.

Stølsdrift

Søraust av Funningsland og Vikestølsheia har det vore ei rekke stølar, Sandvika, Jonsstøl, Torsstøl, Bjørndalen, Øyestøl, Stikkstølen, Vasstølen, Skithol, Fjellsenden, Kvanndal, Gjotastig, Ottestøl, Bjørnabu, Stropastøl, Raudkleiv og Krostøl. Jonsstøl og Torsstøl har vore stølsplassar for Fundingsland. På Torsstøl vart det slutt på stølinga rundt århundreskiftet. På Jonsstøl veit ein ikkje om det har vore støla, men ein finn rydningsrøyser her. I Bjørndalen var det støl for Fundingsland. Ved Vasstøl har det vore ein støl, og ved Stakkstøl har det vore stølar, 5-6 løer og stakkeplassar. Ved Vasstøl og Stakkstøl står det bygningar i dag.

I området rundt Vassbotnvatnet og Liarstrandvatnet har det vore 10-12 utløer, og støl ved Ottestøl og Kvanndal. Ved Ottestøl, Vassbotnen, Botnen og Kvanndal står det bygningar i dag. Stølinga vart trappa ned på byrjinga av 1900-talet, og var for det meste avvikla etter andre verdskrig. Nokre gardar har hatt vår- og sommarstøl. Meland hadde sommarstøl ved Gjotastig og Fjellsenden, Tøtland ved Skitholtjørna, Kleivaland ved Stropastøl og Ritland ved Raudkleiv. Ved Bjørnabu, Stropastøl og Raudkleiv står det bygningar i dag.

Bruken i dag

Vormedalsheia er eit viktig beiteområde for sau, og i 2013 beitte om lag 2 000 dyr i området.

Melands-Grønahei, som tilhøyrer Stavanger turistforening, er den einaste turisthytta i Vormedalsheia. Store delar av dei merkte turistløypene Kleivaland-Melands-Grønahei, Melands-Grønahei-Grasdalen og Fundingsland-Grasdalen går gjennom verneområdet. Melands-Grønahei har dei siste åra hatt om lag 500-600 overnattingar, fordelte på om lag 50 i vintersesongen og resten i sommarsesongen.
Grasdalen turisthytte tilhøyrer òg Stavanger turistforening, og ligg i dalføret mellom landskapsvernområda Lusaheia og Vormedalsheia. Grasdalen har dei siste år hatt om lag 100 overnattingar i året. Trodla-Tysdal turisthytte er i privat eige og ligg rett på utsida av verneområdet, men besøkande på hytta brukar Vormedalsheia til dagsturar. Trodla-Tysdal har dei siste åra hatt om lag 1 000 – 1 500 overnattingar i sommarsesongen, samt om lag 4 000 dagsbesøk.

Vormedalsheia har vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt. Dei siste åra har det ikkje vore villreinsjakt i Vormedalsheia, men det blir jakta elg og hjort kvart år. Det er òg ein del småviltjakt i Vormedalsheia.

Kjelder og vidare lesing

Verneforskrift på Lovdata

Forvaltningsplan på verneområdestyrets nettstad

Anundsen, K. 1972. Glacial Chronology in Parts of Southwestern Norway. Norse geologiske undersøkelse.

Brandal, Trygve og Tjeltveit, Njål (1996). Sau og hei. Sauehald og heiaføring i Ryfylke og på Haugalandet. Ryfylkemuseet.

Brandal, Trygve og Tjeltveit, Njål (1998). Geit og støl. Geitehald i Ryfylke og Nord-Rogaland. Ryfylkemuseet.

Dahl, J.M. 1993. Forsteiningar av dyr på Ritland i Hjelmeland. Fra Haug og Hedni, 4/1993.

Foldøy, S. 1978. Fuglelivet i Fundingslandsområdet. Falco, 1978.

Frønsdal, J. 1987. Takseringsoppdrag i forbindelse med forslag om landskapsvern i Vormedalsheia i Hjelmeland kommune, Rogaland.

Grunneigarane i Grasdalen, Storådalen og Futen sameige, Nilsebu sameige og Hjelmeland Statsallmenning. 1992. Lusaheiaområdet-rapport om tidlegare og nåverande bruk av heieområdet.

Moen, A. 1975. Myrundersøkelser I Rogaland. Rapport i forbindelse med den norske myrreservatplanen. Universitetet i Trondheim.

Norsk Botanisk Forening. Utan år. Vormedalsheia, perlen i Ryfylkeheiane.

Odden, Alf. 2021. Villreinen sin bruk av heiområda i Hjelmeland. SVR-notat 2/2021.

Pallesen, P.F. 1987. Hovedtrekkene i geologien Kleivaland-Kvanndalen. Stavanger turistforenings årbok 1987.

Paulsen, E.S. 1987. Verneinteresse i Vormedalsvassdraget. Vassdragsrapport, Fylkesmannen i Rogaland.

Roalkvam, R. 1986. En oversikt over naturforhold og verneinteresser i Vormedalsheia og Lusaheia i Hjelmeland kommune, Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland, 1986.

Skipevåg, B. 1994. Rapport frå sakkyndig vedr. Vormedalsheia Landskapsverneområde. Ryfylke Skjønnsrett.