1. Heim
  2. Villrein
  3. Avbøtande tiltak for villrein

Avbøtande tiltak for villrein

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

GPS-merkeprosjektet på villrein

I perioden 2007 – 2018 vart det gjennomført eit større GPS-merkeprosjekt på villrein i Setesdal Ryfylke. Det overordna målet med prosjektet var å få meir kunnskap om korleis villreinen nytta villreinområdet gjennom året. Eit viktig delmål var å betre samarbeid og dialog mellom aktørane i villreinfjellet. I siste halvdel av prosjektperioden var det gjennomført trafikkteljing og ferdselsteljing på utvalde vegar og stiar. Resultata frå GPS-merkeprosjektet og ferdselsundersøkinga er samla i tre rapportar. Desse kan du lese her:

GPS villreinprosjektet i Setesdal-Ryfylke. Avbøtende tiltak

Ferdsel i to fokusområder i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Brokke-Suleskardvegen og Blåsjøområdet

Gjennom GPS-merkeprosjektet har ein fått avdekt i kva område det er særleg konflikt mellom menneskeleg aktivitet og villrein, desse er nemnde som fokusområde. Ein kort omtale av konflikten og føreslåtte avbøtande tiltak er gitt i det følgjande:

Veg Brokke – Suleskard m/Øyulvsbu turisthytte

Veg Brokke – Suleskard er ein sommaropen veg mellom dalføra Setesdal og Sirdal. Vegen er open i perioden 21. mai – 31. oktober. Om lag 70 000 køyretøy passerer på vegen i denne perioden.
Vegen genererer også mykje ferdsel ut i terrenget. I praksis kryssar ikkje villreinen vegen i tida denne er open. Øyuvsbu turisthytte ligg i ein i trekkorridor for villrein, og tilknytte løypenett drenerer mykje ferdsel nordover og sørover i heia. Turiststien frå vegen og ned til Øyuvsbu turisthytte er særs mykje nytta med om lag 80 passeringar i gjennomsnitt per dag i perioden i høgsesongen juni – september. Talet på overnattingar på turisthytta ligg kring 1 500 i sommarhalvåret. I tillegg kjem eit stor tal dagsbesøk.

Tiltak som kan betre tilhøva for villrein:

  • Flytting av Øyuvsbu turisthytte med tilhøyrande løypenett
  • Redusere opningstida på vegen
  • Fjerne autovern langs delar av vegen der dette er forsvarleg ut i frå trafikktryggleik

Svartevassmagasinet – Steinsbuskardet – Blåsjø

Med etableringa av Svartevassmagasinet og Blåsjø forsvann også viktige trekkvegar for villreinen i Setesdal Ryfylke. Frå veg inn Flatstøldalen i Sirdal utgjer dei to reguleringsmagasina eit nær 50 kilometer langt hinder for villreintrekk aust/vest i villreinområdet. Trekkaktiviteten er særleg redusert i sommarhalvåret den tida magasina er isfrie, men reguleringa har også redusert trekkaktiviteten i vinterhalvåret.

Ein attverande trekk-korridor finst sør i Ytre Storevatn i Svartevassmagasinet. I periodar med låg vasstand trekker villreinen over på det tørrlagte arealet. Eit anna og særs viktig trekkområde ligg mellom Ytre Storevatn og Storevassdammen på Blåsjø og vidare gjennom Steinbuskardet på austsida av Storevassdammen. Topografien i området, med mange vatn og stupbratte fjell, gjer at villreintrekket er avgrensa til eit fåtal smale korridorar. Villrein på trekk nord/sør må også passere under to 420 kW høgspentliner. Vest i trekkområdet ligg også Storsteinen turisthytte med tilhøyrande løypenett. Dei tekniske inngrepa i området, saman med ferdsel på løypenett, gjer at trekkaktiviteten aust/vest vert sterkt påverka. I praksis utgjer området Steinbuskardet – Storevassdammen einaste attverande trekkpassasje mellom nordleg og sørleg del av villreinområdet. Tiltak som kan betre trekkaktiviteten gjennom området vil derfor ha stor positiv verknad på villreinen sitt arealbruk i Setesdal Ryfylke.

Tiltak som kan betre tilhøva for villrein

  • Flytting av Storsteinen turisthytte med tilhøyrande løypenett.
  • Jaktfri sone for å avgrense forstyrringa til eit minimum
  • Avgrense av ferdsla på anleggsvegar

Veg Store Urevatn

Anleggsvegen til Store Urevatn vart bygd på 90-talet i samband med reguleringa av Store Urar. Vegen er open for ålmenta frå kring 1. juli og fram til snøen kjem. Trafikkteljing syner om lag 6 000 passeringar i denne perioden. Trafikken på vegen er eit hinder for villreintrekk i området. Trafikken på vegen er truleg ein medverkande årsak til at færre dyr kjem i posisjon til å krysse i Steinsbuskardet lenger sørvest i heia. Frå sommaren 2022 vert vegen inn til Store Urevatn stengd for allmenn motorisert ferdsel. Tidlegare er det fjerna autovern langs delar av vegen for å unngå fysiske hinder for villreintrekk over vegen.

Riksveg 9 nord for Hovden

Områda nord for Hovden har tradisjonelt vore eit viktig utvekslingsområde for villrein mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. Trafikken på vegen, saman med hyttebygging og utfart frå hytteområda, gjer at villreinen berre sporadisk kryssar mellom områda.

Tiltak som kan betre tilhøva for villrein:

  • Unngå ny infrastruktur og auka forstyrring i dei attverande trekk-korridorane.

Europaveg E 134 over Haukelifjell

Haukelifjell og delar av vegstrekninga langs E 134 har tidlegare vore eit viktig trekk og utvekslingsområde mellom Setesdal Ryfylke og Hardangervidda villreinområde. Trafikkmengda på vegen, saman med ferdsel kring Haukeliseter og Vågslid, har redusert trekkaktiviteten dei siste åra.
I dag er det i første rekke bukkar som trekker over vegen, og då gjerne over taket på Haukelitunnelen. Grunna CWD-situasjonen på Hardangervidda vert det inntil vidare jobba med å hindre at villreinen trekker mellom områda.

Tiltak som kan betre tilhøva for villrein:

  • Redusere ferdsla ut i frå vegen
  • Legge lengre delar av vegen i tunnel som del av arbeidet med opprusting/utviding av vegen

Vidare arbeid med avbøtande tiltak

Det ligg føre mykje kunnskap om kor dei største utfordringane er, men det står att å sette i verk tiltak for å betre tilhøva for villreinen i Setesdal Ryfylke. Dei store reguleringsmagasin og veganlegga ligg fast, men det er likevel ei rekke mindre tiltak som kan bidra til at villreinen tar i bruk større delar av heiane enn det som har vore tilfelle dei siste åra.

Organisering av vidare arbeid med dei avbøtande tiltaka er lagt til ei styringsgruppa som vart konstituert 20.10.2021. Denne vil også fungere som ei viktig arena for samordninga og samarbeid ved iverksetting av tiltak, og er ei naturleg vidareføring av samarbeidet som starta opp gjennom
GPS-merkeprosjektet. Tiltak og arbeidsform er skildra nærmare i NVS – notat 12/2021. 

Arbeidet med dei avbøtande tiltaka har ei nær kopling til Kvalitetsnorm for villrein. Stortinget vedtok i 2016 at det skulle utarbeidast ein slik kvalitetsnorm med heimel i naturmangfaldlova § 13. Kvalitetsnorma vart vedteken som eiga forskrift 23.6.2020.

Kvalitetsnorma fastset grenseverdiar for god, middels og dårleg kvalitet på det enkelte villreinområdet, basert på delnorma bestandstilhøve, lavbeite og leveområde og menneskeleg påverknad. Som del av arbeidet med kvalitetsnorma er det gjort ei klassifisering av dei ti nasjonale villreinområda. Setesdal Ryfylke villreinområde var eit av seks villreinområde som vart klassifisert som dårleg kvalitet (status raud). For villreinområde med slik status skal det no lagast påverknadsanalysar og tiltaksplanar.

Lenker til viktige dokument om kvalitetsnorma:

Miljøkvalitetsnorm for villrein. Forslag frå en ekspertgruppe

Forskrift Kvalitetsnorm for villrein

Kartgrunnlag for delnorm 3 (leveområda og menneskeleg aktivitet) i kvalitetsnorm for villrein

Klassifisering etter kvalitetsnorma