1. Heim
  2. Villrein
  3. Trugsmål for villreinen i Setesdal Ryfylke

Trugsmål for villreinen i Setesdal Ryfylke

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Forvaltningssekretariatet for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane
E: sfagpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fjellvann i dal.

Samla belastning

Villreinen er tilpassa eit liv i høgfjellet der han kan trekke fritt mellom ulike sesongbeite og kalvingsområde. Dei siste hundre åra har det skjedd store endringar i villreinområda i Noreg. Dette gjeld ikkje minst i Setesdal Ryfylke. Kraftutbygging, vegar og menneskeleg ferdsel har på mange vis gjort villreinområdet mindre enn før. Trekkvegar og beiteområde er demde ned, og fleire stader er ferdsel frå menneske av eit slikt omfang at villreinen held seg unna. Fysiske inngrep og ferdsel kan vere problematisk kvar for seg, men ofte er det den samla påverknaden som kan vere kritisk.

Fysiske inngrep

Noreg har særs gode føresetnader for å produsere fornybar energi i form av vasskraft, noko som har danna grunnlaget for mykje av velstandsutviklinga i landet dei siste hundre åra. Nær ein femdel av den elektriske krafta vert levert frå desse fjellområda. Samstundes har vasskraftutbygginga sett store spor etter seg i fjellområda med store reguleringsmagasin, anleggsvegar og høgspentliner. Fleire av dei store reguleringsmagasina bidreg til å stenge trekkmoglegheita til villreinen mellom beiteområda, i tillegg til at viktige beiteområde er lagde under vatn. Dei største magasina med verknad for villreinen er Blåsjø, Rosskreppfjorden, Svartevassmagasinet, Store Urar, Botsvatn og Vatnedalsvatnet.

NVE atlas kan du sjå omfanget av vasskraftutbygging og kraftliner i Setesdal Ryfylke.

Anleggsvegane som vart bygde bidreg til at fleire folk kjem seg lettare inn i område som tidlegare låg meir eller mindre urørde. Fylkesvegane Suleskardvegen og vegen til Lysebotn skjer gjennom villreinområdet. I nord og aust ligg europavegen over Haukelifjell og riksveg 9 gjennom Setesdal. Desse to vegane utgjer i praksis grensene mot Hardangervidda villreinområde og Setesdal Austhei villreinområde.

Veganlegga utgjer ein fysisk barriere for villreinen, men det er særleg trafikken på vegane og ferdselen ut i frå desse, som gjer at villreinen ikkje kryssar. Konsekvensane av dette er at villreinen må greie seg på eit mindre areal gjennom året.
Nær villreinområdet er det dei siste 50 åra bygd om lag 10 000 fritidsbustader. Bruken av desse fører med seg ferdsel inn i villreinområdet.

I Agder fylkeskommune si kartløysing kan du sjå ei samla oversikt over fysiske inngrep som vegar, bygningar, kraftverksinstallasjonar og merkte stiar i Setesdal-Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.

Ferdsel

Ferdsel frå menneske utgjer eit problem for villreinen når han vert systematisk og av eit visst omfang. Gjennomgåande toler bukkane meir forstyrring enn simlene. Forstyrring er særleg kritisk på seinvinteren når dyra har tært mykje på feittreservane og tida for kalving nærmar seg.

GPS-sendarar på villrein kombinert med ferdselsteljing, har gitt oss mykje kunnskap om korleis villreinen reagerer på ferdsel. Ved å analysere store datamengder frå fleire villreinområde har ein fått fram nokre terskelverdiar som seier noko om tolegrenser for villrein og ferdsel. Til dømes vil meir enn 30 passeringar per dag på ein sti gjere at villreinen i mindre grad kryssar stien. Kjem ein opp i så mykje som 100 passeringar per dag, utgjer stien i praksis ein full barriere. Kring turisthytter vil villreinen normalt ha ein redusert bruk i ein 10 kilometers radius kring hytta. Desse terskelverdiane er gjennomsnittstal for mange villreinområde, og må derfor nyttast med varsemd. Terskelverdien på 30 passeringar på ein sti vil til dømes vere mykje lågare om det er andre påverknadsfaktorar i same område. Likeins vil besøkstala på turisthytta bety mykje for i kva grad villreinen skyr nærområda til turisthytta.

I Setesdal Ryfylke er det stor geografisk skilnad på ferdselen, og han varierer mykje gjennom året. Generelt har vi rimeleg god oversikt på vegar og etablerte løyper, men for lite kunnskap om aktiviteten utanfor etablert infrastruktur. I verneområda er det til saman 62 turisthytter inkludert fjellstyrehytter og statskoghytter. Det er også eit stort løypenett med 650 kilometer merkte turistløyper og 560 kilometer med kvista eller preparerte vinterløyper.

Fleire stader er det gjennomført trafikkteljing på vegar, stiar og skiløyper. Nokre stader er ferdselstala såpass høge at dei utgjer eit hinder for villreinen. Sjå nærmare omtale under kapittelet avbøtande tiltak nedanfor.

Sjukdom

CWD (Chronic wasting disease)

I 2016 vart det for første gong oppdaga CWD, eller skrantesjuke, hjå villrein i Nordfjella villreinområde.
Dette er ein særs smittsam og dødeleg prionsjukdom som angrip lymfesystem og hjerne hjå hjortedyr. Villreinbukkane er gjerne meir utsette grunna aktiviteten under brunsten. Frå dyra vert smitta til dei døyr går det oftast tre til fire år. Smitten mellom dyra skjer via kroppssekret. Smittestoff kan også ligge lagra i jordsmonnet kring plassar der villreinen samlar seg, til dømes ved saltplassar for sau.

For å få bukt med sjukdommen, og hindre spreiing til andre villreinområde, vart heile villreinstamma i Nordfjella sone 1 skoten ut i 2017 og 2018. Diverre vart sjukdomen oppdaga på nytt på Hardangervidda i 2020. Det vart då felt ein bukk under ordinær jakt og der prøver frå dyret synte smitte. Det er grunn til å tru at det er fleire smitta dyr i villreinstamma på Hardangervidda, men så langt er det berre hjå det eine dyret det er påvist smitte. I alle villreinområde vert det gjennomført ei storstilt prøvetaking av villrein som vert felt under jakta.

Det går føre eit stort arbeid med å kartlegge utbreiinga av sjukdomen og avgrense spreiinga. Til dømes prøver ein å hindre utveksling av villrein mellom ulike villreinområde. Andre tiltak er reduksjon av stammestorleik og andel bukkar i bestandane for å hindre spreiing. Innan villreinområda er det særleg viktig at dyra kan nytte heile leveområdet slik at dei ikkje vert ståande samla på avgrensa areal. I Setesdal Ryfylke villreinområde vert det konkret jobba med å hindre utveksling av villrein mot Hardangervidda villreinområde, samt reduksjon i andel bukkar i villreinstamma.

Per dags dato er det ikkje påvist CWD hjå villrein i Setesdal Ryfylke. Du kan lese meir om CWD her på Hjortevilt. 

Fotråte

Fotråte hjå villrein skuldast ein bakterieinfeksjon som kjem inn i dyret gjennom rift og sår i huda. Bakterien gir ein betennelse i blautvevet i foten, men han kan også gå inn i ledd og knokkelvev. Hjå villrein som har hatt betennelsen lenge vert klauver og delar av foten misdanna, såkalla «klubbefot». Fotråte er sjeldan dødeleg i seg sjølv, men redusert allmenntilstand fører ofte til at dyra vert avmagra og døyr av andre årsaker. Sidan villreinen lever i flokk vil infeksjonen ofte spreie seg mellom individ. Individ med god kondisjon og sterkt immunforsvar vil normalt vere mindre utsette for fotråte.

Fotråte er påvist hjå villrein i Setesdal Ryfylke, og lidinga ser ut til å vere på frammarsj i fleire villreinområde. Årsaka er truleg samansett og skuldast ein kombinasjon av varmare og fuktigare vêr, samt dårleg kondisjon i nokre av villreinbestandane. Smitte mellom individ vil normalt skje raskare når flokken vert ståande på avgrensa areal over tid.

Du kan lese meir om fotråte hjå veterinærinstuttet. 

Klimaendringer

Klimaendringane vil påverke villreinen i Setesdal Ryfylke. Mildare vintrar med meir regn, og temperaturar som svingar over/under frysepunktet gjer at beita oftare vil ise ned. Tidvis vil det også kunne kome særs store snømengder i høgfjellet, slik at villreinen vil slite med å grave seg ned til beita. Varmare somrar vil føre til betre tilhøve for insekt og parasittar som lever på villrein. Dei store snøskavlane smeltar raskare og det vert færre stader villreinen kan kjøle seg ned og komme unna insektplagene på dei varmaste dagane. Dette gir meir stress hjå dyra og mindre tid til beite.

Konkurranse frå sau

Generelt finst det for lite kunnskap om korleis sau og villrein påverkar kvarandre. I sommarhalvåret vil det normalt vere noko overlapp i beiteplantane dei føretrekk. Årleg vert det sleppt om lag 60 000 sau på beite i Setesdal Ryfylke, men der konsentrasjonen varierer mykje mellom områda. Størst mengde sau finn ein i områda kring Rosskreppfjorden. Samla sett genererer beitenæringa motorferdsel og mykje ferdsel i sentrale beiteområde for villrein.

Du kan lese meir om effektar av sauebeiting på Nasjonalparkstyrets sin nettstad.